Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Førde-firmaet skal utføre støytiltak på 50 bueiningar ved Bergumkrysset. Arbeidet startar i august.

– Tiltaka varierer frå skifte av ventilar, til gipsing av vegg, skifte vindu og installasjon av nytt ventilasjonsanlegg, fortel Arild Øren, byggjeleiar i Førdepakken.

Tiltaka kjem på bakgrunn av støymålingar som er gjennomført etter at ny rundkøyring stod ferdig i fjor sommar. Ut i frå desse målingane er det laga eit støykart, og lagt på trafikkauke fram til 2038.

Støykontrakta er på 2,55 millionar.

Fv. Eirik Markeset, HMS rådgjevar Førdepakken; Frode Lundekvam, dagleg leiar Byggteam AS; Arild Øren, byggjeleiar Førdepakken; Eindride Østenstad, prosjektleiar Byggteam og Erling Varlid, prosjektleiar Førdepakken.

Aktuelt for fylke(r): Vestland