Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen signerte i dag kontrakt med Entreprenørservice AS på bygginga av tiltak 3, 4 og 10 i Førdepakken.

Prosjektet inneheld mellom anna ferdigstilling av gang- og sykkelvegen frå Hafstadparken til Kronborgvegen, og ny gang- og sykkelveg langs E39 mellom rundkøyringane på Hafstadflata. Her skal også vegen hevast for å ivareta flaumkrav.

No skal partane i gang med ein samhandlingsprosess for å førebu anleggsarbeidet, som startar i februar. Prosjektet skal stå ferdig sommaren 2020.

F.v. Erling Varlid, prosjektleiar i Førdepakken; Thomas Østerbø i Entreprenørservice AS og byggeleiar Trond Arild Austgulen.
F.v. Erling Varlid, prosjektleiar i Førdepakken; Thomas Østerbø i Entreprenørservice AS og byggeleiar Trond Arild Austgulen.

Aktuelt for fylke(r): Vestland