Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Måndag 3.oktober klokka 00:00 starta innkrevjinga av bompengar i Førdepakken. Bomstasjonane er automatiske og har eit kvitt, grønt og oransje lyssignal.

Dersom du har AutoPASS-avtale får du grønt lyssignal når AutoPASS-brikka blir registrert.

Kvitt lyssignal får du når ny faktura på forskotsavtala /avtaletrekket er undervegs. Har du etterskotsavtale betyr dette at forfallsdatoen for siste faktura er passert.

Dersom du passerar utan brikke eller AutoPASS-brikka ikkje blir registrert får du eit oransje kamerasymbol som betyr at det blir teke bilete av passeringa.

Du kan lese meir om dei ulike lyssignala her: http://www.fordepakken.no/service/#kva-betyr-lyssignala

Betaling med AutoPASS-brikke

Det enklaste og billegaste måten å betale bompengar er med ei AutoPASS-brikke i bilen.

Fordelar med å bruke AutoPASS-brikke:

  • AutoPASS-avtale gjev 20 % rabatt for køyretøy t.o.m 3.500kg
  • Timesregel (du betalar berre for ei passering per køyretøy per time)
  • Månadstak/passeringstak (du betalar for maks 30 passeringar per køyretøy per månad)
  • Du kan bruke AutoPASS-brikka i alle andre AutoPASS-anlegg
  • Du får 10 % rabatt i fleire andre bomstasjonar

Førdepakken er ikkje utstedar av AutoPASS-brikker. Dersom du ynskjer ei rabattavtale, men ikkje har AutoPASS-brikke frå før, må du teikne AutoPASS-avtale med eit anna bompengeselskap for å få tilsendt brikke. Vi anbefaler at du teiknar avtale med Bergen Bompengeselskap på www.bomringenibergen.no

Ingen rabatt utan brikke

Utan AutoPASS-brikke får du ingen av desse rabattane, og må betale 26 kroner kvar gang du passerar gjennom ein bomstasjon inn mot Førde.

For å få fritak må du ha brikke

Køyrer du EL-bil eller skal ha fritak av andre grunnar? Husk at du likevel må ha avtale og AutoPASS-brikke i bilen.

Les meir om AutoPASS og korleis du teiknar avtale på www.fordepakken.no

Aktuelt for fylke(r): Vestland