Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

I valet mellom alternativ 2 og 4, vil Statens vegvesen tilrå ei køyrebru med sykkelveg og fortau i same trase som i gjeldande reguleringsplan.

For å unngå fylling i Jølstra trengst det meir areal til kryss og veg for å få til denne løysinga, og då må ein ta delar av kunstgrasbana.

På oppdrag frå bystyret

Statens vegvesen har i tidlegare rapportar tilrådd alternativ 1 for ny veg frå E39 Hafstadvegen til fv. 481 Angedalsvegen. Dette er ikkje aktuelt etter at bystyret i Førde i oktober 2018 vedtok at alternativ 1 og 3 ikkje skulle bli med i det vidare i arbeidet med reguleringsplanen. Bystyret ynskte at alternativ 2 skulle utgreiast med rundkøyring framfor T-kryss i Angedalsvegen, eventuelt flytte vegen/brua lengre mot sør. Bystyret ynskte også at alternativ 4 skulle utgreiast med ei eiga gang- og sykkelvegbru over Angedalsvegen ved Førdehuset.

Førde kommune og Statens vegvesen har delt svaret til bystyret i mellom seg, ved at kommunen tek føre seg konsekvensar for areal og plan i eit eige notat, medan Vegvesenet svarar ut dei vegtekniske konsekvensane, inklusiv dei økonomiske.

Saka skal hansamast i planutvalet og bystyret seinare i februar.

Alternativa frå tilleggsrapport

Bruplasseringa i alternativ 2

I sitt notat konkluderer Vegvesenet med at ei rundkøyring med arm til Angedalsvegen vil vere det beste alternativet i krysset med Angedalsvegen, men at det vil vere nødvendig å bruke delar av eksisterande kunstgrasbane.

Statens vegvesen meiner alternativ 2 med rundkøyring kan gjennomførast innanfor vegnormalane, men at det trengst noko meir areal til kryss og veg vest for Jølstra.

Om det ikkje let seg gjere å bevare kunstgrasbana, ba bystyret om ei vurdering av ei flytting av brua lengre sør. Dette vil ikkje Vegvesenet tilrå.

– Vi held fast på at brua i alternativ 2 bør ligge i den traseen som opprinneleg var regulert. Å flytte brua mot sør vil vere svært uheldig fordi ein ikkje knyter seg opp mot vegsystemet som allereie er bygd aust for elva; brua vert både lengre og dyrare, og kjem i konflikt både med naturområde og kulturminne. Skal desse ivaretakast må brua flyttast så langt mot sør at vi i realiteten kjem ut som i alternativ 4, seier Erling Varlid, prosjektleiar for Førdepakken.

Flytte veg og kryss

Det er mogleg å justere alternativ 2 slik at ein unngår inngrep i kunstgrasbana, utan å flytte brua, men Vegvesenet meiner dette er ei svært dårleg løysing. Ei flytting av veg og kryss lengre sør kan skjerme sjølve kunstgrasbana, men det bli likevel ikkje plass til ei eventuell bygging av stadion i dette området.

Denne løysinga vil gje ei unaturleg vegføring både for trafikk som skal over ny bru, og for trafikken på Angedalsvegen. Det vil også krevje stort innhogg på Festplassen, mykje grøntareal vil gå tapt og litt av Laksen vil bli øydelagt.

Ei separat gang- og sykkelvegbru som ein del av alternativ 2 er etter vårt syn ikkje naudsynt dersom vi legg til grunn at køyrebrua ikkje vert flytta, seier Varlid.

– Ei bru med godt tilrettelagt sykkelveg og fortau vil gje eit godt tilbod til gåande og syklande, og vi vil difor ikkje tilrå ei separat gs-bru som ein del av alternativ 2.

Dersom ein likevel vel på bygge denne separate brua vil det bli ein ekstra kostnad på om lag 45 millionar kroner viss den ligg i plan med Angedalsvegen, dyrare viss den går over. Separat gang- og sykkelbru har aldri vore ein del av Førdepakken korkje økonomisk eller trasemessig.

Gang- og sykkelvegbru i alternativ 4

Bystyret ynskte også ei utgreiing av alternativ 4 med ei eiga gang- og sykkelbru ved Førdehuset som kryssar over Angedalsvegen. Vegvesenet har i rapporten frå september 2018 vurdert ei slik bru som ikkje aktuelt på grunn av at den må ha stor høgde, og difor blir lang og dyr.

I notatet har Vegvesenet ein gong til sett nærare på ei gs-bru som kryssar over Angedalsvegen, og gått igjennom krav og føresetnader for utforming av den.

- Vi har skissert ei løysing som stettar desse krava, men konklusjonen er likevel at denne løysinga vert skjemmande, dyrare og dårlegare for gåande og syklande. Vi vil sterkt frårå at den vert bygd. Om ein ønskjer separat gs-bru mellom Førdehuset og Hafstadparken bør den byggast med kryssing av Angedalsvegen i plan, altså i same nivå som vegen.

Rår i frå alternativ 4

Konsekvensane av alternativ 4 sett under eitt framgår av Førde kommune sitt notat. Her er det peika på problem knytt til omregulering/arealbruk for veg og bustadområde aust for Jølstra, på Hafstadsida. Desse vegane er allereie utbygd i samsvar med vedtekne planar.

Alternativ 4 legg og avgrensingar på bruk av arealet ved Hafstad skule, legg beslag på delar av Festplassen og øydelegg «Laksen». Samla sett gjer desse vurderingane at både Vegvesenet og administrasjonen i Førde kommune ikkje vil tilrå alternativ 4.

Betongplatebru og nettverksbogebru

Ut i frå vurderingar gjort i tidlegare rapportar har Vegvesenet i notatet også lista opp fordelar og ulemper knytt til dei to brutypane betongplatebru og nettverksbogebru.

Samla sett meiner vi betongplatebru er best. Den vil innordne seg omgjevnadane og ha lågast kostnad. Det vi må ta omsyn til ved denne løysinga er omsynet til fisket og naturmiljøet i elva ved bygginga av to permanente fundament i elva.

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland