Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

Forprosjektet for Sykkelstamvegen si delstrekning mellom Schancheholen og Sørmarka er klart.

Forprosjektet er eit fagleg dokument som syner kva problemstillingar som er vurdert, og kva løysingar som takast med i vidare planlegging.

– Forprosjektet byggjer på prinsippa som er lagt ned i kommunedelplanen, og vi tar sikte på å oppretthalde krav til høge standardar, seier prosjektleiar Matthew Millington. 

Grunnlag for reguleringsplan

Dokumentet skal vere grunnlag for det vidare arbeidet med reguleringsplanen.

– Vi tar sikte på å ha eit formelt forslag til regulering, med alle tilhøyrande dokument, klar til oversending til Stavanger kommune i løpet av våren 2015, seier Millington.

Millington legg til at forprosjektet ikkje er eit høyringsdokument, men at det formelle planforslaget truleg blir sendt ut på høyring i mars/april 2015.

Aktuelt for fylke(r): Rogaland