Kva kan du køyre med førarkort klasse B?
Med klasse B kan du blant anna køyre ein personbil med eller utan tilhengjar.
Informasjon om eit køyretøy eller ein tilhengjar, for eksempel tillaten totalvekt, står i vognkortet.
Personbil
Du kan køyre ein personbil som har ei tillaten totalvekt på maks 3 500 kg. Han kan maks vere godkjend for 8 passasjerar i tillegg til førar.
Personbil med tilhengjar
Du kan trekkje tilhengjar etter ein personbil når den tillatne totalvekta til tilhengjaren er maks 750 kg.
Du kan trekkje ein tyngre tilhengjar dersom den tillatne totalvekta for bilen og tilhengjaren til saman er maks 3 500 kg.
Vekta av tilhengaren må vere innanfor det bilen har lov å trekkje. Om du er usikker på om du kan trekkje ein bestemt tilhengar med bilen din, kan du enkelt sjekke det i tilhengjarkalkulatoren vår.
Med kode 96 - høgare samla tillaten totalvekt for personbil med tilhengjar
Har du kode 96 på førarkortet ditt, kan den tillatne totalvekta for bilen og tilhengjaren til saman vere maks 4 250 kg.
Vil du trekkje ein tyngre tilhengjar (inntil 3 500 kg) enn det er mogleg med klasse B eller klasse B med kode 96, må du ta klasse BE.
Moped
Du kan køyre alle typar moped med to, tre eller fire hjul.
På førarkortet er dette markert som klasse AM.
Motorsykkel med fire hjul
Du kan køyre motorsykkel med fire hjul.
I Noreg kan du trekkje ein tilhengjar på inntil 750 kg dersom
- motorsykkelen har eit slagvolum over 125 cm3
- det står i vognkortet til motorsykkelen at han kan trekkje ein tilhengjar
Snøscooter
Med klasse B tatt før 1. juli 2006
Du kan køyre snøscooter med eller utan tilhengjarslede.
På førarkortet er dette markert som klasse S.
Førarrett for snøscooter gjeld berre i Noreg og Sverige.
ATV
Du kan køyre ATV som er registrert som motorsykkel med fire hjul. Då gjeld dei same reglane som for motorsykkel med fire hjul.
Motorsykkel med tre hjul
Med klasse B tatt før 19. januar 2013
Du kan køyre motorsykkel med tre hjul.
Traktor
Du kan køyre traktor med ei tillaten totalvekt på maks 3 500 kg.
Dersom du trekkjer ein tilhengjar, må traktoren maks kunne køyre 40 km/t.
Førarrett for traktor gjeld berre i Noreg.
Med klasse B eller T tatt før 1. januar 2005
Du kan køyre traktor med eller utan tilhengjar. Det er inga avgrensing på vekt eller kor fort han kan gå.
På førarkortet er dette markert som kode T 142.
Motorreiskap
Du kan køyre motorreiskap med ei tillaten totalvekt på maks 3 500 kg. Ein motorreiskap (Lovdata) kan for eksempel vere ein gaffeltruck eller ein hjullastar.
Dersom du trekkjer ein tilhengjar, må motorreiskapen maks kunne køyre 40 km/t.
Førarrett for motorreiskap gjeld berre i Noreg.
Med klasse B tatt før 1. januar 2005
Du kan køyre motorreiskap med ei tillaten totalvekt på inntil 7 500 kg.
Du kan køyre motorreiskap med ei tillaten totalvekt over 7 500 kg dersom han maks kan køyre 50 km/t.
På førarkortet er dette markert som kode 152.
Beltebil med eller utan tilhengjarslede
Du kan køyre beltebil med eller utan tilhengjarslede.