Øvingskøyring med buss (D1, D1E, D og DE)
Du må ha førarrett i klasse B før du kan øvingskøyre med buss. I klasse D1 og D1E må du ha fylt 19 år, i klasse D og DE må du ha fylt 22 år.
Du kan ikkje øvingskøyre med passasjerar i bussen.
Krav til den som er med deg
Den som er med deg
- må følgje reglane om køyre- og kviletid, sidan denne personen blir rekna som førar av bussen
- må ha fylt 25 år
- må ha hatt førarkort i same klasse som du øvingskøyrer i, samanhengande dei siste 5 åra
Særlege krav for minibuss (klasse D1 og D1E)
- Bussen kan ha maks 16 passasjerplassar i tillegg til føraren.
- Bussen kan vere maks 8 meter lang.
Når du tar yrkessjåførlinja på ein vidaregåande skule
Dersom du får opplæring til førarkort for tunge klassar på ein vidaregåande skule, treng du ikkje ha førarrett i klasse B. Du kan øvingskøyre i samband med undervisninga og ta ekstra køyretimar ved godkjende trafikkskular utanfor skulen så lenge du har trafikalt grunnkurs.
Du må ha førarrett i klasse B dersom du vil øvingskøyre privat.