Du må ha fullført trafikalt grunnkurs før du kan øvingskøyre med motorsykkel. Her kan du sjå kva andre reglar som gjeld når du skal øvingskøyre.

Når kan du øvingskøyre?

  • Lett motorsykkel A1: 15 år
  • Mellomtung motorsykkel A2: 16 år
  • Tung motorsykkel A: 22 år

Du kan ikkje ha med andre på motorsykkelen din enn den som har ansvaret for køyringa.

For å kunne øvingskøyre i klasse A (tung motorsykkel) før du fyller 22 år, må du ha førarkort for motorsykkel klasse A2.

Krav til den som er med deg

Den som er med deg og har ansvaret for køyringen

  • må ha fylt 25 år
  • må ha hatt førarkort i same klassen som du øvingskøyrer i, samenhengjande dei siste 5 åra
  • kan sitje bak på motorsykkelen du køyrer, dersom ikkje dette gir motorsykkelen for tung last (sjå «tillaten nyttelast» i vognkortet)
  • kan køyre etter deg på eigen motorsykkel under øvingskøyringa
  • kan ha med passasjer på sin eigen motorsykkel, men må først vurdere om det er trygt

Dersom den som er med deg, køyrer etter på eigen motorsykkel, skal det vere ein motorsykkel med to hjul i mellomtung eller tung klasse (A2 eller A).

Krav til motorsykkelen

  • I klasse A1 må du køyre lett motorsykkel (slagvolum under 125 cm3, effekt ikkje over 11 kW).
  • I klasse A2 må du køyre mellomtung motorsykkel (motoreffekt ikkje over 35 kW, ikkje meir enn 0,2 kW per kg eigenvekt).

Kvar kan du øvingskøyre?

På øvingsbane eller avsperra område kan du køyre åleine når den som er med deg, ser deg heile tida og kan instruere deg. Skal du øvingskøyre på veg eller andre område som ikkje er avsperra, må du ha med deg ein følgjeperson. Følgjepersonen kan då berre køyre med éin elev om gongen.

Kommunikasjon mellom deg og den som øvingskøyrer med deg

På veg eller andre område som ikkje er avsperra, skal den som er med deg, kunne instruere deg via tovegs kommunikasjonsutstyr. I butikkar som sel motorsyklar, finst ulike variantar av tovegs kommunikasjonsutstyr til bruk under øvingskøyring. De kan også bruke mobiltelefon, men det føreset at de har tilleggsutstyr som sikrar at de ikkje kjem i konflikt med forbodet mot bruk av handhaldne mobiltelefonar under køyring.

Bruk vest med bokstaven L på ryggen

Både du og den som er med deg når du øvingskøyrer, må ha på ein refleksvest med bokstaven L på ryggen. Bokstaven L må vere på kvit bakgrunn. 

Sjå også: Kom trygt i gang med øvingskøyringa