Du må ha fullført trafikalt grunnkurs og vere fylt 15 år for å kunne øvingskøyre med traktor (klasse T). Traktoren må ikkje kunne gå fortare enn 40 km/t.

Du må ha med deg

  • bevis for fullført trafikalt grunnkurs, eller førarkort i ein annan klasse om du har
  • legitimasjon med bilete

Har du fylt 25 år, er du fritatt frå delar av trafikalt grunnkurs og kan øvingskøyre utan å ha tatt det. 

Finn øvingskøyringsbeviset ditt på Di side

Den som er med deg

  • må ha fylt 25 år
  • må ha hatt førarkort i klasse T samanhengande dei siste fem åra

Traktoren

  • må vere konstruert for å ikkje gå over 40 km/t
  • for å øvingskøyre på veg må traktoren vere registrert for to, slik at den som følgjer og rettleier deg, får plass inne i traktoren. I tillegg må traktoren ha ekstra spegel for den som er med deg

Om traktoren berre har éin sitjeplass

Du kan ikkje øvingskøyre på veg dersom traktoren er registrert for éin person, men du kan bruke område som er knytte til jord- eller skogbruk.

Du og følgjepersonen din må kunne snakke saman, til dømes ved hjelp av ein telefon med handsfree. I tillegg må de ha visuell kontakt, slik at de kan sjå kvarandre medan du køyrer.

Tilhengjaren

  • må ikkje ha større totalvekt enn det er lov å dra med traktoren du køyrer med

NB! Dersom den som er med deg, har klasse T med kode 143, kan de berre øvingskøyre med tilhengjar som ikkje har tillaten totalvekt over 750 kg.

Sjå òg: Kom trygt i gang med øvingskøyring