Øvingskøyring med lastebil (C1, C1E, C og CE)
Du må ha førarrett i klasse B før du kan øvingskøyre med lastebil. I klasse C1 og C1E må du ha fylt 18 år, i klasse C og CE må du ha fylt 19 år.
Krav til den som er med deg
Den som er med deg
- må følgje reglane om køyre- og kviletid, sidan denne personen blir rekna som førar av lastebilen
- må ha fylt 25 år
- må ha hatt førarkort i same klasse som du øvingskøyrer i, samanhengande dei siste 5 åra
Særlege krav for lett lastebil (klasse C1 og C1E)
- Lastebilen må ha ei tillaten totalvekt på maks 7 500 kg.
- Vogntoget må ha ei samla tillaten totalvekt på maks 12 000 kg.
Når du tar yrkessjåførlinja på ein vidaregåande skule
Dersom du får opplæring til førarkort for tunge klassar på ein vidaregåande skule, treng du ikkje ha førarrett i klasse B. Du kan øvingskøyre i samband med undervisninga og ta ekstra køyretimar ved godkjende trafikkskular utanfor skulen, berre du har trafikalt grunnkurs.
Du må ha førarrett i klasse B dersom du vil øvingskøyre privat.
Sjå også: Kom trygt i gang med øvingskøyring