Du må vere 15 år for å kunne øvingskøyre med snøscooter. Har du førarrett i ein annan klasse, treng du ikkje ta trafikalt grunnkurs før du øvingskøyrer.

Du som skal øvingskøyre

Har du førarrett i klasse AM 146 eller T, må du ta Trafikant i mørket (mørkekøyring) og førstehjelp før du kan gå opp til førarprøva. Har du førarrett i klasse AM 145, må du ta trafikalt grunnkurs før du kan øvingskøyre.

Du har ikkje lov å øvingskøyre dersom politiet har gitt deg sperrefrist for førarkort.

Den som er med deg

  • må ha fylt 25 år
  • må ha hatt førarkort i same klassen som du øvingskøyrer i, samanhengande dei siste 5 åra
  • må sitje på same snøscooter som deg eller følgje etter deg på eigen snøscooter

Du og den som følgjer deg

  • Ved øvingskøyring skal både du og den som følgjer deg ha på refleksvest med bokstaven L på ryggen.
  • Følgjepersonen må sjå deg heile tida og kunne instruere deg gjennom tovegs kommunikasjonsutstyr. Dersom de er på avsperra område, er det tilstrekkeleg at de ser kvarandre, og at det er mogleg for følgjepersonen din  å instruere deg.

Snøscooteren

Du kan øvingskøyre på snøscooter klasse 2 sjølv om du berre kan få førarrett for snøscooter klasse 1.

Område for privat øvingskøyring

Privat øvingskøyring er ikkje tillate i utmark eller på islagde vassdrag. Det er også som hovudregel forbode å køyre på offentleg veg. Privat øvingskøyring må derfor gå føre seg  utanfor slike område og vere i samsvar med kommunale reguleringsplanar med meir. I tillegg må du ha løyve frå grunneigaren.

Du kan øvingskøyre på innmark i heile landet dersom du har samtykke frå grunneigaren. Med grunneigaren sitt samtykke kan du også øvingskøyree på private vegar, men berre når desse er brøyta for bilkøyring og køyringa ikkje er til fare eller unødig ulempe for andre. Øvingskøyring på private vegar med ein viss trafikk vil som regel vere til fare eller ulempe og dermed ulovleg – særleg tidleg i opplæringsløpet. Vegar som ikkje er brøyta, blir rekna som utmark der det er forbode å køyre.

Nokon motorsportsbanar kan nyttast til øvingskøyring. Du kan også bruke snøscooterløyper fastsette av kommunane til øvingskøyring, så lenge det skjer i tråd med dei lokale løypeforskriftene.

Ta kontakt med statsforvalteren i heimfylket ditt eller med kommunen din for å finne ut kvar du kan køyre.

Det er vedtatt spesielle område for obligatorisk øvingskøyring, men desse områda kan ikkje nyttast til privat øvingskøyring. Du må gjennomføre obligatorisk opplæring hos ein trafikkskule, offentleg skule eller godkjend kursarrangør. 

Sjå også: Kom trygt i gang med øvingskøyring