Øvingskøyring med personbil (B)
Dersom du er under 25 år, må du ha fullført trafikalt grunnkurs for å kunne øvingskøyre med personbil. Du må ha fylt 16 år.
Du må ha med deg
- bevis for fullført trafikalt grunnkurs, eller førarkort i ein annan klasse dersom du har det
- legitimasjon med bilete
Har du fylt 25 år, er du fritatt frå delar av trafikalt grunnkurs og kan øvingskøyre utan å ha tatt det.
Finn øvingskøyringsbeviset ditt på Di side
Den som er med deg
- må ha fylt 25 år
- må ha hatt førarkort i same klasse som du øvingskøyrer i, samanhengande dei siste 5 åra
Informasjon til den som er følgjeperson
Bilen
- må vere merkt bak med ein godt synleg raud L på kvit bakgrunn
- må ha ekstra spegel for den som er med deg. Bilar som er typegodkjende med skjerm i staden for innvendig spegel, kan brukast så lenge den som er med deg har tilstrekkeleg utsyn bakover
- må høyre til klasse B (tillaten totalvekt maks 3 500 kg)
L-skiltet
Du skal berre bruke L-skiltet under øvingskøyring, og det skal takast av når øvingskøyringa er slutt. Skiltet er eit viktig signal til andre om at du er under opplæring.
L-skilt du kan feste i bakruta på bilen (PDF)
Du kan skrive ut L-skiltet med eller utan fargar. Dersom du skriv det ut utan fargar, må du fargeleggje det sjølv.
Manuelt gir eller automatgir
Du vel sjølv om du vil øvingskøyre med manuelt gir eller med automatgir. Det er viktig at du er førebudd på å bruke det girsystemet du skal køyre opp med.
Køyrer du opp med automatgir, får du førarkort med ein kode som viser at du berre kan køyre med automatgir.
Passasjerar
Du kan øvingskøyre med passasjerar når du har kome langt nok i opplæringa til at det er fornuftig, og du kjenner deg trygg.
Tilhengjar
Du kan øvingskøyre med tilhengjar når du er så god til å køyre at det er fornuftig.