Du må ha fullført trafikalt grunnkurs og ha fylt 15 år for å kunne øvingskøyre med moped (klasse AM 146 og AM 147).

Den som er med deg

•    må ha fylt 25 år
•    må ha hatt førarkort i same klassen som du øvingskøyrer i, samanhengjande dei siste 5 åra
•    må sjølv køyre tohjuls motorsykkel når du øvingskøyrer i klasse AM 146 (det er ikkje lov å køyre etter i bil eller på moped)
•    må sitje på i køyretøyet når du øvingskøyrer i klasse AM 147 (køyretøyet må ha plass til passasjer) 

Kvar kan du øvingskøyre?

På øvingsbane eller avsperra område kan du køyre åleine når den som er med deg, ser deg heile tida og kan instruere deg. Skal du øvingskøyre på veg eller andre område som ikkje er avsperra, må følgjepersonen køyre eige køyretøy eller sitje på, sjå ovanfor. Følgjepersonen kan berre køyre med éin elev om gangen.

Kommunikasjon mellom deg og den som øvingskøyrer med deg

På veg eller andre område som ikkje er avsperra, skal den som er med deg, kunne instruere deg via tovegs kommunikasjonsutstyr. Du kan kjøpe ulike variantar av tovegs kommunikasjonsutstyr til bruk under øvingskøyring. De kan òg bruke mobiltelefon, men det føreset at de har tilleggsutstyr som sikrar at de ikkje kjem i konflikt med forbodet mot bruk av handhaldne mobiltelefonar under køyring.

Vest med L

Både du og den som er med deg, må ha på refleksvest med bokstaven L på ryggen. Bokstaven skal vere godt synleg for dei som køyrer bak deg og vere raud på kvit bakgrunn.
Sjå også: Kom trygt i gang med øvingskøyring