Du må vere 16 år for å øvingskøyre med personbil og tilhengjar. Du bør òg ha førarkort i klasse B eller ha gjennomført opplæring i klasse B.

Den som er med deg

  • må ha fylt 25 år
  • må ha hatt førarkort i same klasse som du øvingskøyrer i, samanhengande dei siste 5 åra

Informasjon til deg som er følgjeperson

  • Bilen
  • må høyre til klasse B med tillaten totalvekt på høgst 3 500 kg
  • må ha speglar som gir godt utsyn bakover

Tilhengjaren

  • må ha totalvekt som ikkje er høgare enn det som er fastsett i vognkortet for bilen

Speglar

Minst éin spegel skal gi eit slikt synsfelt at du ser sida på tilhengjaren.

Når tilhengjaren er like brei eller breiare enn bilen, skal du kunne sjå

  • sida på tilhengjaren i begge speglane
  • køyrebanen på venstre side 10 meter bak deg i ei breidde på minst 2,5 meter
  • køyrebanen på høgre side bak deg i ei breidde på minst 2,0 meter

Sjå òg: Kom trygt i gang med øvingskøyring

Øvingskøyring i dei ulike førerkortklassane