Prosjektering av fyrste byggjetrinn på strekninga frå Røldal til Seljestad er i gong. På denne strekninga skal vegen i hovudsak leggjast i ny tunnel under Røldalsfjellet. Den nye vegen omfattar også ein parsell med ny E134 i dagen og nytt vegkryss på Seljestad. Tunnelpåhogget på denne sida vert i fjellet ved Hesjabakkmyrane. 

Vi reknar med å kunna lysa ut tilbodet rundt årsskiftet 2022/2023. Føresett at det vert løyvd midlar over Statsbudsjettet neste år kan anleggsarbeida starte opp hausten 2023. Det vert og arbeidd med utlysing av ein mindre kontrakt for førebuande arbeid, med oppstart haust 2022. 

Siste nytt:

Strekningen vist på kart. Foto.
E134 Vågsli–Seljestad. Foto: Statens vegvesen

Planområdet dekkar strekninga Vågsli i Vinje kommune (Vestfold og Telemark fylke) til Seljestad i Ullensvang kommune (Vestland fylke). Reguleringsplanar for strekninga E134 Vågsli – Seljestad (Vestfold og Telemark/Vestland fylker) vart i godkjende i 2019. 

Strekninga mellom Vågsli – Seljestad på E134 har i dag lange og bratte stigningar med smale og svingete partia som gjer det utfordrande å ta seg fram. I tillegg fører krevjande vêrforhold ofte til stenging eller kolonnekøyring. Det har vore ein auke i stenging og kolonnekøyring dei siste åra. Det skaper store utfordringar for framkomst, trafikktryggleik og samfunnstryggleik.

Ny  E134 mellom  Vågsli og Seljestad vil gje vesentleg reduksjon av stenging og kolonnekøyring på strekninga. Det vil også korte ned køyrelengda med ca. 11 kilometer og redusere høgdemeter med rundt 1000 meter. For tunge køyretøy vil køyretida bli redusert med om lag ein halv time. Ny veg vil auke trafikktryggleiken, betre framkomst ved dårlege vêrforhold og flytte trafikk ut frå tettstaden Røldal.

  • Første byggjetrinn er strekninga frå Røldal til Seljestad. Strekninga er prioritert i første periode i NTP 2022-2033. Kontrakt kan tidlegast lysast ut i 2022 med byggjestart i 2023.
  • Dette byggjetrinnet vil gi størst innsparing i lengde, høgdemeter, køyretid, drivstoffkostnad og klimautslepp. I tillegg vil denne strekninga gje mest betring i høve til fastkøyring og bilberging på vinterstid, mest betring av stigningstilhøva og mest betring av trafikktilhøve for mjuke trafikantar.

E134 over Haukelifjellet er ein av stamvegane mellom aust- og vestlandet. Utbygging av E134 er del av ein langsiktig utviklingsstrategi for å styrke E134 som ein av hovudvegane mellom aust og vest. Vegen er ein viktig ferdslesåre, særleg for næringslivet sør for Hardangerfjorden, med kring 20 prosent tungtrafikk. Årsdøgntrafikken er i dag om lag 2 200 køyretøy. På sikt vil den auke med utvikling av E134 som hovudvegforbindelse for aust-vest.

E134 Vågsli–Seljestad, visualisering etter reguleringsplan 2017. Videoen er uten lyd. Video: Multiconsult.

 

Vei:
E134
Fase:
Planfase
Kommuner:
Vinje, Ullensvang
Fylker:
Vestfold og Telemark, Vestland
Finansiering:
Stat, Bompenger
Nasjonal transportplan:
Handlingsprogrammet 2018–2023
Oppstart:
Høst 2023

E134 Vågsli–Seljestad. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Prosjektkontor

Besøksadresse:

Statens vegvesen
Bergen kontorsted
Nygårdsgaten 112
Bergen

Kontakter

Beate Eide Riisnæs

Prosjektleder
Telefon:
96236913
E-post:

Frode Lykkebø

Byggeleder
Telefon:
915 95 865
E-post:

Rolf Helge Hjelmtvedt

Planleggingsleder
Telefon:
976 57 794
E-post:

Ole Kristian Åset

Kommunikasjonsrådgiver
Telefon:
99251139
E-post:

Sist oppdatert: