Prosjektet er første byggetrinn på E134 Vågsli - Seljestad, og ligg i Odda kommune.

Strekninga er prioritert i NTP 2025-2036, og har fått vedtak om finansiering.

Parsellen E134 Røldal–Seljestad gir ei innkorting av køyrelengda på 6,4 km og redusert reisetid på om lag 18 minutt for tyngre køyretøy og om lag 12 minutt for personbiler.

Den nye Røldalstunnelen under Røldalsfjellet utgjer størstedelen av parsellen. Ny Røldalstunnel blir ca. 13 km, og skal erstatte dagens Røldalstunnel og Seljestadtunnelen og dei tunge stigningane i Håradalen.

Vest for den nye tunnelen omfattar parsellen ny E134 i dagen og nytt vegkryss på Seljestad. Tunnelpåhogget er lokalisert til fjellet ved Hesjabakkmyrane.

Den nye tunnelen får trafikken bort frå eldre og tronge tunnelar, og lange parti med bratt og svingete vegtrase der særleg tungtrafikken har store problem på vinterstid. Med den nye Røldalstunnelen reknar vi med at alle framkomstvanskar pga.vintertilhøve vert borte. Totalt reknar vi med å kunne redusere vinterstengd veg og kolonnekøyring til ca. 25 % av gjennomsnitt for siste 10 åra.

E134 Vågsli–Seljestad