Informasjon til naboar
Vi ønsker god dialog med omgivnadene våre. Her finn du relevant informasjon dersom du bur eller ferdast i område som blir påverka av arbeidet.
Nyheitsbrev frå prosjektet
Vil du få siste nytt om framdrift, arbeid, milepælar og naboinformasjon i Fellesprosjektet Arna–Stanghelle? Gjennom nyheitsbrevet vil vi jamleg sende oppdateringar frå prosjektet direkte på e-post.
Ta kontakt!
Vi ønsker sjølvsagt at ulempene ved arbeida skal vere minst mogleg for alle, men det er vanskeleg å unngå støy, støv og andre uønska følger frå eit stort byggeprosjekt. Som nabo, grunneigar, eller som generelt interessert, kan du ta kontakt om du har spørsmål eller opplever utfordringar knytt til prosjektet.
Det er enkelt å bruke kontaktskjemaet vårt, men ønsker du å kontakte oss direkte kan du ringe nabokontakt Askild Stordal på tlf. 93 61 86 38 eller sende ein e-post til Kontortid er måndag til fredag frå 08:00-15:30. Vi høyrer gjerne frå deg!