1. Utredes
  2. Alternativ velges
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging forberedes
  5. Bygges
  6. Åpnet
Foto: Statens vegvesen

Hvor?

Fylker:
Vestland

Kommuner:

Alver

Hva?

E39 mellom Flatøy og Eikefettunnelen er ei delstrekning langs E39 som i framtida skal oppgraderest med ny veg.

Hvorfor?

Prosjektet skal gje eit meir effektivt og trafikksikkert nord-sør-samband på Vestlandet, og bidra til vidare utvikling av Knarvik som regionssenter.

Kart

Kartet vise dei ulike alternativa som har vært vurdert i arbeidet med kommunedelplan på strekninga. Illustrasjon: Statens vegvesen

Planprogrammet for E39 mellom Knarvik – Ostereidet (Flatøy-Eikefettunnelen)blei fastsett 19. september 2017 i dåverande Lindås kommune og 27. september 2017 i Meland kommune.

Statens vegvesen har no i oppdrag å utgreie alle alternativa i fastsett planprogram, gjennom arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutgreiing. Alver kommune er planmynde og tek avgjerda.

Forslag til kommundelplan vart oversendt til Alver kommune i oktober 2022.

Alver kommune la 8. april 2024 ut kommunedelplan for E39 Flatøy-Eikefettunnelen for høyring og offentleg ettersyn. 

Alver kommune må fremja saka for 2. gangs politisk handsaming for å vedta kommunedelplan for strekninga. 

Prosjektet er ikkje omtalt i nyaste Nasjonale transportplan som Stortinget har vedteke. 

Når ein kommunedelplan er vedteke, og prosjektet er omtala i Nasjonal transportplan (NTP), så kan Statens vegvesen planlegga for oppstart av reguleringsplan ein eller flere deler av strekninga. 

Stortinget må vedta finansering av prosjektet. Først då kan kontrakta lysast ut. 

 

Det er uvisst når prosjektet kan få byggjestart. Stortinget må først vedta finansering. 

Se alle aktueltsaker
Finansiering:
Stat

Mer om prosjektet

Etablering av ny E39 på strekninga Flatøy-Eikefettunnelen skal gje eit meir effektivt og trafikksikkert nord-sør-samband på Vestlandet innafor dei rammer og føringar som er gjeve i NTP. Løysinga må leggje til rette for vidare utvikling av Knarvik som regionsenter.

Effektmål

  • Reduksjon i talet på ulukker.
  • Eit godt tilbod for gåande og syklande langs dagens korridor for E39, med særs vekt på gode løysingar på strekninga Flatøy-Hjelmås.
  • Ny E39 skal overta mest mogleg trafikk frå dagens E39 for å gje god effekt og avlasting av  lokalvegnettet.
  • Kortare reisetid og reduserte transportkostnader på E39 mellom Flatøy og Eikefettunnelen som ledd i eit effektivt nord-sør samband på Vestlandet.
  • God tilknyting til fylkesveg 57 og fylkesveg 565 må løysast i prosjektet, i tillegg til kopling mot anna lokalvegnett.
  • God tilgjengelegheit til Knarvik som regionsenter for alle trafikantgrupper, med et særskilt omsyn til kollektiv-, gang og sykkeltrafikk.
  • Ei effektiv arealutnytting som stettar god sentrumsutvikling i Knarvik.
  • Redusere trafikk i dagen gjennom Knarvik sentrum.
  • Eit robust lokalvegnett som skal sikre god kontakt mellom bygdene og omkøyring ved vedlikehald og ulukker på E39.

E39 er ein viktig stamveg langs kysten i Noreg, frå Trondheim til Kristiansand og ut i Europa. Strekninga er om lag 1100 km lang, og går innom Stavanger, Bergen, Ålesund og Molde. I dag er reisetida på om lag 21 timar med heile sju ferjesamband og varierande vegstandard.

I Nasjonal transportplan (NTP) for 2018–2029 vedtok Stortinget eit langsiktig mål om ein utbetra og ferjefri E39 som gjer strekninga kortare og reduserer reisetida. Målet for strekninga er å knyte saman store næringslivsregionar og bu- og arbeidsmarknader, og gje betre føresetnad for å utvikle Norges største eksportregion til stor nytte for samfunnet.

Kontakter

Kristin Nåmdal

Sakshandsamar i Alver kommune
Telefon:
474 66 296
E-post:

Gunn Cecilie Omre

Planleggingsleiar
Telefon:
95 83 67 17
E-post:

Geir Holen

Kommunikasjonsrådgjevar
Telefon:
959 68 286
E-post: