Korleis kan du bidra til tryggleiken når du fersast i tunnel, og korleis skal du te deg ved arbeid eller ei hending?

Dagleg ferdsel i tunnel

  • Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengd med bom eller raudt lys!
  • Følg trafikkreglane og hald avstand. Mange hendingar skuldast at bilen framfor deg bråstoppar og du ikkje greier å stanse.
  • Slepp fram utrykkingskøyretøy.
  • Ver observant dersom du passerer tunge køyretøy. Lufttrykket er spesielt høgt i tunnel.
  • Legg merke til naudutstyr. Noter deg kvar du kan rømme og kor naudtelefonar og brannslokkarar er plasserte.
  • I nokre tunnelar er det montert gule blinklys som informerer om melding på bilradioen. Lytt difor på radioen for å få nyttige opplysningar for den vidare køyringa.

Ved kolonne eller stans i tunnel

  • Følg med på skilting og vegdirigering, og følg instruksane. 
  • Ved kolonne skal leiebilen alltid køyra først.
  • Følg kolonna, ikkje køyr forbi eller snu. Arbeidsfolk kan vere fleire stader i tunnelen, og gjerne lite synlege frå vegbana. Du kan òg møta kolonne i motgåande retning.
  • Hald god avstand til bilen framom deg (minst 15 meter)
  • Hald ekstra god avstand til tunge køyretøy framom deg (minst 50 meter)

AVSTAND GIR TID

TID GIR MOGLEGHEITER

MOGLEGHEITER GIR REDNING

Ved ulukke eller brann i tunnel

  • Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengd med bom eller raude lys!
  • Har du snudd bilen, so har du god tid. Røyken spreier seg sakte.
  • Ta med andre ut.
  • Bruk naudtelefonane, ikkje mobiltelefon. Telefonen gir deg direkte kontakt med ein operatør på Vegtrafikksentralen som kan rettleia deg vidare. Via styringssystemet kan operatørane på Statens vegvesen sin Vegtrafikksentral sjå i kva for tunnel og kvar i tunnelen du er. Ut frå dette kan dei koordinere utrykking og anna hjelp. vegtrafikksentralen kan òg stenga tunnelen og stansa trafikken. 
  • Bruk brannslokkingsapparata i tunnelen ved brann. Sløkkeapparata i tunnelen er kopla til eit varslingssystem - dersom eitt av desse blir fjerna utløyser det alarmen hjå Vegtrafikksentralen. Dei kan sjå akkurat kva apparat som er fjerna, og stenga tunnelen.