Det er mange omsyn som må takast når mykje skal skje på same tid over eit stort område. Då kan det vera utfordrande for nokon og ein kvar å få oversikten.

I Vegvesenet ynskjer me at folk skal få ei forståing av kva som skal skje i tunnelane og korleis arbeidet går føre seg. 

Me har ansvar for både framkomst og framdrift: trafikken skal fram, men arbeidet må heller ikkje bli so hindra at det dreg ut i tid – det gagnar ingen. Alle løysingar vil bli eit kompromiss mellom ulike omsyn.

Trafikantar vil møta stengingar og kolonne i i tunnelane på Vestlandet i fleire år framover. Med gjensidig forståing og ein dose tolmod vil det bli lettare for alle.

Her finn du eit oversyn over nokre av våre utfordringar ved eit slikt stort prosjekt.

Tunnelregionen

Vestlandet er tunnelregionen over alle.

Nye Vestland er fylket med suverent flest tunnelar i Noreg, og flest meter veg i tunnel (godt over 400 000 tunnelmeter). Fylket har difor også den lengste oppgraderingslista. På Europa- og riksvegane skal om lag hundre tunnelar, med ei lengd mellom 500 og 24 500 meter, rustast opp. I tillegg kjem alle tunnelane på fylkesveg, som fylkeskommunen har ansvar for – også dei om lag hundre i talet.

Når det skal arbeidast i så mange tunnelar på kort tid, må fleire stengast samtidig. Dette set trafikkavviklinga under press. Med fleire prosjekt på same trafikkåre aukar risikoen for at uventa hendingar kan stenga vegen, og for at gjennom­farts­trafikken må stoppa fleire stadar og blir sinka mykje. Fordi tunneloppgraderingsprosjektet er landsdekkande, blir det òg naudsynt å jobba på parallelle ruter samstundes. Dette gjer trafikksystemet enda meir sårbart.

Mange involverte

Tunnelar på fylkesvegane er eigde og drifta av fylkeskommunen, og det er fylket som avgjer kva som skal gjerast, når og korleis – og løyver pengar til dette. På riks- og Europavegane er det staten som er ansvarleg. Tunnelane som skal oppgraderast har, med andre ord, ulike eigarar, og (etter regionreforma) ulike administratorar.

Statens vegvesen og fylkeskommunane er byggherre på utbetringsprosjekta. Dei har det overordna ansvaret. På kvart delprosjekt (oftast ein til tre tunnelar i same område) er det ein entreprenør som utfører arbeidet, saman med ev. underentreprenørar.

Samtidig som me skal gjera det store arbeidet med å rusta opp tunnelar, treng vegane våre vanleg vedlikehald: brøyting, ny asfalt, vegmerking, osb. Ofte er det naudsynt å stenga vegen heilt eller delvis også for denne typen arbeid, som blir utført av drift- og vedlikehaldsentreprenørar

Alt i alt, er det mange ulike aktørar som er involverte på ulike stadium av planlegging og utføring av tunneloppgraderinga, og enda fleire som skal arbeida på vegane. Alt arbeidet som skal skje samstundes stiller høge krav til planlegging, koordinering og kommunikasjon mellom ulike aktørar. Me skal sikra framkomst og framdrift, og ta høgde for endringar og uventa hendingar. Dette er ei stor oppgåve, som Vegvesenet arbeider med kontinuerleg. Nokre gonger lukkast me betre enn andre.

Til lags åt alle …

Mange ulike trafikantar skal gjennom tunnelane kvar dag: pendlarar, drosjar, langtransport, rutebussar, brannbilar, dyretransport, heimehjelper, barnehageleverarar, helgeturgjengar, bakerivarefraktarar, osb. Desse har ulike behov og ulike moglegheiter til å tilpassa seg.

Ulike vegar har ulik type og mengd trafikk. På nokre viktige ruter, som E16 eller E39, kan sjølv ei nattestenging av vegen få store konsekvensar for gjennomgåande trafikk. Ein liten fylkesveg kan vera einaste sambandet til ei lita Vestlandsbygd, og fullstendig avgjerande for tenester og pendlarar lokalt. I byområde finst det gjerne fleire omkøyringsmoglegheiter, men også fleire som skal fram.

Uansett kva tidspunkt på døgnet me stenger ein tunnel, vil det skapa problem for nokre trafikantar. Generelt er det mest trafikk på vegane på dagtid, spesielt ved starten og slutten av arbeids- og skuledagen. Det meste av arbeidet med tunnelopprusting går om natta, nettopp fordi det då er mindre trafikk. På dei store gjennomfartsårene kan dette gjera situasjonen vanskeleg for langtransporten, særleg når det er arbeid fleire stader på same tid.

Vegvesenet prøver å ha jamleg kontakt med kommunar og fylkeskommunar, lokale tenesteleverandørar, transportnæringa, naudetatane, kollektivselskap m.fl., for å forsøka å komma fram til dei beste løysingane for samferdsla.

Framdrift og framkomst

Samtidig som me skal leggja til rette for framkomst, skal me ta omsyn til framdriftsplanen for arbeidet me skal utføra og tilhøva for dei som arbeidar på anlegga. Dei fleste stadar finst det ikkje omkøyring, og då må trafikk og arbeid sameksistera.

Medan trafikantar gjerne skulle hatt kolonnar so ofte som mogleg, kan trafikk gjennom anleggsområdet vera ei stor utfordring for dei som skal utføra eit arbeid der. Noko arbeid, til dømes frå lift, stenger vegbana heilt, og må difor avbrytast fullstendig når ei kolonne skal gjennom tunnelen. Det kan gå vekk mykje tid i å pakka saman og starta opp att ulike prosessar. Reglar for tryggleikstiltak skal sikra at det ikkje skjer ulukker, verken med trafikantar eller arbeidsfolk. Før bilar blir slepte gjennom eit anleggsområde må verktøy og maskiner ryddast unna, utstyr og laust fjell sikrast, og arbeidsfolk komma seg ut av vegen. Ved sprenging må heile tunnelen stengast og trafikken kan ikkje setjast i gang att før lausmassane er transporterte vekk, og tunnelhengen og -veggene er forsvarleg sikra.

 

Bilar i tunnel