Nasjonalt løyve for varebil
Verksemder som driv godstransport mot vederlag med varebil innanfor Noreg får krav om løyve frå 1. januar 2026. Du kan søke om løyve på Di side.
Varebilar som transporterar gods mot vederlag innanfor Noreg og har tillatt totalvekt mellom 2,5 og 3,5 tonn skal ha nasjonalt varebilløyve frå 1. januar 2026. Det vil vere krav om eit løyv per køyretøy.
Andre typar verksemder får ikkje krav til nasjonalt løyv. For eksempel vil handverkarar framleis kunne nytte varebilar til og frå oppdrag utan løyve.
Fellesskapsløyve for godstransport over 3,5 t og fellesskapsløyver for varebil kan også nyttast til nasjonal godstransport med varebil. Vi minner om at kvart køyretøy må ha med seg eit gyldig løyvedokument under transport.
Søk om løyve
Logg inn på Di side og send søknad om nasjonalt varebilløyve. Du må skaffe all dokumentasjon før du søkjer.
Bestill time til løyveeksamen for varebil
Ein ansvarleg transportleiar i verksemda må besø løyveeksamen innan desse emna
- yrkestransport- og vegtrafikkregelverket
- arbeidsmiljølovgjevinga
- køyreåtferd og trafikksikkerheit
- HMS
- reglar for etablering av føretak og ulike organisasjonsformar
- økonomisk styring av eit føretak
- økonomiforvaltning og rekneskapstenester
- skattar og avgifter
Tilstrekkeleg fagleg kompetanse
For å få nasjonalt varebilløyve må transportleiarr ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse.
Dette kravet kan bli oppfylt på ein av desse måtane
- Bestått løyveeksamen for nasjonalt varebilløyve hjå Statens vegvesen.
- Dokumentert erfaring: Transportleiar har leia eit transportføretak samanhengande i minst 10 år før 1. januar 2026.
Dersom transportleiar allereie oppfyll krava til fagleg kompetanse for fellesskapsløyve for gods, gjeld dette også som tilstrekkeleg kompetanse for nasjonalt varebilløyve.
Andre krav til løyve for varebil
For andre løyvekrav som økonomi, vandel og etablering, er det bestemt at reglane i yrkestransportforskrifta skal gjelde fullt ut. Du kan lese meir om krav til økonomi, vandel og etablering på denne sida.
Reglene om nasjonalt varebilløyve kjem som ei endring i yrkestransportforskrifta.
Prisar for løyve og eksamen
Gebyret for nasjonalt varebilløyve er på 930 kroner.
Kvifor skal varebiler ha nasjonalt løyve?
Kravet om løyve har som mål om å gje like konkurransevilkår i transportbransjen og er eit tiltak mot arbeidskriminalitet. Eit nasjonalt løyve er ikkje bunde til EØS-retten sine regler, som vil sei at ein kan ha nasjonale krav til fagkompetanse for løyvehavar. På den måten kan krava bli tilpassa varebilbransjen.