Skal du overføre eigarskap til eit køyretøy til eit familiemedlem, må du sende inn ei salsmelding.

Sjølv om du er i familie med den du skal overføre eigarskap av køyretøyet ditt til, må du sende inn ei salsmelding for at eigarskapen skal bli registrert på den nye eigaren. 

Dette gjeld om du skal overføre eigarskap til ektefelle, barn eller andre i familien.

Du må også sende inn salsmelding om du innetter i familien skal

  • endre medeigar til eigar
  • leggje til medeigar
  • endre køyretøyet sin registrerte eigar til medeigar

Er den som skal kjøpe eller overta eit køyretøy under 18 år?

Er kjøper under 18 år må foreldre eller verje logga seg inn på vegner av den mindreårige, og lasta opp dokumentasjon på at ho eller han kan kjøpa eit køyretøy. 

Fritak frå omregistreringsavgifta 

Ektefellar treng ikkje betala omregistreringsavgift. Dette gjeld òg om de er separert eller skilt. Fritaket blir lagt automatisk inn når de sender inn salsmeldinga. Er skilsmissa gjennomført, må de søka om fritak hos Skatteetaten før de sender inn salsmelding.

Arv mellom foreldre og barn er òg fritatt frå omregistreringsavgiften, men ikkje ved forskudd på arv.

Sambuarar får ikkje fritak frå omregistreringsavgiften. Overføring til barn eller andre i familien er heller ikkje fritatt.

Les meir omregistreringsavgiften (Skatteetaten). 

Sist oppdatert: