Arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 Flatøy–Eikefettunnelen er i gang. Statens vegvesen har fått i oppdrag å utgreie dei ulike alternativa til ny trasé for den framtidige vegen. Alternativa som skal utgreiast er fastsette i planprogrammet som blei vedteke hausten 2017 av Lindås kommune og Meland kommune.
Ein ny trasé for E39 mellom Flatøy og Eikefettunnelen er ein del av ferjefri E39. Den nye vegen skal gje eit meir effektivt og trafikksikkert nord-sør-samband på Vestlandet, samt bidra til vidare utvikling av Knarvik som regionsenter.
E39 Flatøy–Eikefettunnelen © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)
Veg | E39 |
---|---|
Fase | Planfase |
Kommune | Alver |
Fylke | Vestland |
Vegeier | Statens vegvesen |