For å overføre eigarskap av eit køyretøy etter eit dødsfall må du sende inn ei salsmelding. Du må også sende inn noko dokumentasjon.

Dokumentasjonen og korleis du skal gå fram for å sende inn salsmeldinga varierer ut frå skifteform.

Du kan sende inn salsmeldinga digitalt på Di side eller fylle ut salsmeldingsskjemaet (PDF) på papir, og levere det på ein trafikkstasjon. Ved innsending av salsmelding digitalt må du bruke «salsmelding på vegner av ein seljar», les meir om dette her: Send inn salsmelding på vegner av ein seljar.

Privat skifte

Ved privat skifte med kun éin arving, kan du sende inn salsmelding digitalt og leggje ved attest frå tingretten eller byfuten (skifteattest). Eventuelt kan arvingen fylle ut salsmeldinga på papir og levere ho på ein trafikkstasjon. Hugs å ta med gyldig legitimasjon og skifteattest.

Digital salsmelding ved fleire arvingar

Skal de sende inn digital salsmelding, må éin av arvingane sende inn salsmeldinga og leggje ved skifteattest, kopi av legitimasjon og fullmakt frå dei andre arvingane.

Salsmelding på papir ved fleire arvingar

Skal de levere salsmelding på papir, må ho leverast på ein trafikkstasjon, og alle arvingane må signere og vise legitimasjon. Arvingane kan også gi kvarandre fullmakt til å signere på deira vegner. Da må de ha med fullmakta og kopi av legitimasjon frå den som har gitt fullmakt når de skal levere salsmeldinga. Kopi av skifteattesten må leggjast ved salsmeldinga.

Offentleg skifte

Salsmeldinga skal underskrivast av tingretten, byfuten eller bustyraren. Du må sende inn dokumentasjon som viser oppnemninga av bustyraren saman med salsmeldinga.

Uskifte

Ved uskifte kan køyretøyet overførast til gjenlevande ektefelle.

Du må laste opp uskifteattesten i salsmeldinga på Di side eller vise han på trafikkstasjonen. Bruk Salsmelding på vegner av ein seljar.

Hugs at forsikringa må meldast inn på ny eigar.

Fullmakt

Generelt fullmaktsskjema ved privatskifte finn du på nettsida Skjema for arv og skifte (Norges domstoler). Dette skjemaet kan brukast for deg som gir fullmakt til nokon som skal ordne alt i samband med bubehandlinga.

Skrive fullmakt sjølv

Dersom fullmakta berre skal gjelde ei konkret handling, til dømes å signere ei salsmelding for eitt eller fleire køyretøy tilhøyrande dødsbuet, kan arvingen lage si eiga fullmakt. Fullmakta må innehalde:

  • Namn på avdøde
  • Namn på fullmaktsgivaren
  • Namn på fullmektig
  • Tydeleg forklaring av kva fullmakta gjeld (Døme: «Eg … har overtatt buet etter avdøde til privat skifte, og gir med dette fullmakt til å ordne eigarskifte av køyretøy tilhøyrande dødsbuet – irekna å underteikne på eigarskiftemelding på vegner av buet – samt på mine vegner.)
  • Stad og dato
  • Underskrift frå fullmaktsgivar

Hugs kopi av fullmaktsgivar sin legitimasjon.

Sist oppdatert: