E134 over Haukelifjell (KVU)
Konseptvalutgreiinga (KVU) såg på funksjonen for E134 på heile strekninga mellom Drammen og Haugesund.
Samfunnsmåla for å utbetre transportåra over Haukelifjell var:
- Betre framkomst og reduserteavstandkostnadarfor gods- og persontransport ved kryssing av Haukelifjell.
- Gje betre regularitet for transport over Haukelifjell i vinterperioden
Avklaring frå Samferdsledepartementet
I brev datert 10.02.2011 gir Samferdsledepartementet melding om at regjeringa legg til grunn Konsept G (Grostøl – Vinje) for vidare planlegging.
KVU-oppdraget
Prosjektet Grostøl-Vågsli var utløysande for departementet si bestilling av KVU E134 over Haukelifjell. Statens vegvesen valde i KVU-en å sjå på funksjonen for E134 på heile strekninga mellom Drammen og Haugesund, og dette var utgangspunktet for utvikling av konsept.
Tilråding
Statens vegvesen tilrådde i oktober 2010 å gå vidare med planlegging av Konsept G (nye tunnelar og veg) på strekninga Grostøl – Vågsli. Høgfartsbane vart ikkje tilrådd å planlegge vidare med mindre det var politisk vilje til å realisere prosjektet.
Bakgrunn for tilrådinga
Strekninga Grostøl – Vågsli har dårleg vinterregularitet, og den har svært låg standard med smal og bratt veg. Dei store høgdeskilnadane er kostbare for tungtrafikken, og dei gir redusert framkomst om vinteren. Kortare reisetid med lågare transportutgifter var det prosjektutløysande behovet.
Konsept for ulike høgfartsbaner og vegalternativ vart vurdert.
Kvalitetssikring (KS1)
KS1-konskulenten konkluderte med at 0-alternativet burde vurderast som eit reelt konsept sidan alternativsanalysen viste at nytten i Konsept G ikkje var stor nok til å forsvare investeringane.