Utgangspunktet for konseptvalutgreiinga er to enkeltståande prosjektidéar: vegtunnel og dobbeltspor for jernbane mellom Arna og Bergen sentrum.

Jernbaneverket og Statens vegvesen la to samfunnsmål til grunn for KVU-en: 

  • A: Knytte område aust for Bergen tettare til byen og styrke framkomsten til sentrale delar av Bergen 
  • B: Meir effektive lange aust-vest-transportar for personar og gods til/frå Bergen 

Avklaring frå Samferdsledepartementet  

I brev datert 30.04.2009 orienterte Samferdsledepartementet om at jernbaneprosjektet Arna – Bergen, inkludert tunnel gjennom Ulriken, skulle prioriterast.  

Eventuell vegtunnel, Arnatunnelen, skulle inkluderast i ein ny KS1 for regionpakke Bergen. 

KVU-oppdraget  

I samband med revisjon av NTP 2010-2019 bestemte regjeringa at det skulle gjennomførast KS1 for utvalde samferdsleprosjekt, også prosjekt som var komne langt i planlegginga. Dobbeltspor gjennom Ulriken (bane) og Arnatunnelen (veg) skulle då vurderast saman. KVU for E16 Arna – Bergen vart Statens vegvesen sitt grunnlag for kvalitetssikringa.  

Tilråding 

KVU-en konkluderte med at val av vegkonsept måtte avvente avklaringar i eit utvida program for Bergensområdet. For bane tilrådde vi å gå vidare med dobbeltspor.   

Bakgrunn for tilrådinga  

Dei prosjektutløysande behova var behov for auka kapasitet på jernbanen og behov for innkorting og effektivisering av stamvegen. Ulrikstunnelen var ein flaskehals på Bergensbanen, og Arnatunnelen ville gje ei stor innkorting av E16 til Bergen. Arnatunnelen kunne ikkje planleggast utan å sjå han i samanheng med andre løysingar for Bergen sentrum. 

Kvalitetssikring (KS1) 

KS1-konsulenten anbefalte å gå vidare med vegtunnel gjennom Ulriken og erstatte enkelte avgangar på lokaltoget. I motsetning til jernbanealternativa var vegtunnelen samfunnsøkonomisk lønsam. 

Rapportar og dokument

KVU