Formålet med KVU-arbeidet var å kartleggje kva behov som er knytt til transportsystemet mellom Aksdal og Bergen, og korleis løysinga for strekninga vil påverke områda rundt. Fyrste steg i prosessen er å velje eit konsept for vegen.

Eit konsept kan sjåast som ei overordna tilnærming til å løyse eit behov. Eksempel på spørsmål som er med inn i eit arbeid med ei KVU er: Skal ein bygge under, over eller på vatn? Bør strekninga bli ferjefri med tunnel eller bru, eller skal ein halde fram med ei eller anna form for ferje over fjorden?

KVU-en for E39 Aksdal–Bergen vart lagd fram i juni 2011, og arbeidet vart avslutta med tilleggsutgreiing i februar 2013. Ekstern kvalitetssikring (KS1) vart gjennomførd i 2012.

Med utgangspunkt i KVU, tilleggsutgreiing, KS1 og innspel (høyringsutsegner) frå lokale og regionale myndigheiter samt ulike interessegrupper, vedtok regjeringa konseptval og la rammer for vidare planlegging av E39 Bokn–Stord og E39 Stord–Os.