Når seljaren har levert salsmeldinga, må du som kjøpar godkjenne den for at du skal bli oppført som ny eigar.

Godkjenn salsmelding Logg inn

Du kan enkelt godkjenne salsmelding på nett. Vi anbefaler deg å gjere det saman med seljaren.

Før du godkjenner

Hugs at seljaren treng ditt namn, fødselsnummer og mobilnummer for å sende inn salsmeldinga. Skal du eige bilen saman med nokon, må medeigaren også registrerast i salsmeldinga. Seljaren treng da også medeigaren sitt namn, fødselsnummer og mobilnummer.

Hugs å forsikre køyretøyet frå vedtaksdatoen. Vedtaksdatoen er den dagen salsmeldinga blir godkjent av alle partar (kjøpar og eventuelle medeigarar). Har du ikkje forsikring innan tre dagar frå og med vedtaksdatoen, vil du få gebyr for kvar dag køyretøyet er uforsikra.

Slik gjer du det

  1. Sjekk seljaren sin legitimasjon for å kontrollere at det er seljaren som står som registrert eigar i vognkortet.
  2. Du får SMS når seljaren har sendt salsmelding til deg.
  3. Godkjenn salsmeldinga på nett.
  4. Salsmeldinga er no registrert i våre system. Du vil få ei stadfesting på eigarskiftet til den digitale postkassa di.

Hugs at eventuell medeigar også må godkjenne salsmeldinga for at eigarskiftet skal bli fullført. Godkjenner du ikkje salsmeldinga vil seljaren framleis stå som registrert eigar av køyretøyet.

Vognkort

Vognkort del 1 skal bli liggande i køyretøyet, og det skal makulerast når du mottar nytt vognkort etter omregistrering. Vognkort del 2 skal behaldast av seljaren, og det skal makulerast når eigarskiftet er fullført.

Omregistrering

Sjølv om salsmeldinga er godkjent, og eigarskiftet fullført, kan du ikkje bruke køyretøyet før det er omregistrert. Sjekk kva du som kjøpar må ordne for å få køyretøyet omregistrert.

Kven kan bruke tenesta?

For å logge inn må du ha norsk fødselsnummer eller D-nummer. Tenesta kan brukast av både privatpersonar og bedrifter. For å kunne bruke tenesta på vegner av ei bedrift må du ha rettar i Altinn.

Sist oppdatert: