Før de går i gang med salsmeldinga, sjekk tipsa våre ved kjøp og sal av bil.

Tips til kjøpar

Før du bestemmer deg for å kjøpe eit køyretøy, tilrår vi at du mellom anna sjekkar:

Her kan du se hvilke trinn du må gjennom for kjøp av et kjøretøy.

Kjøpskontrakt

Vi tilrår at du og seljar skriv ein kjøpskontrakt (Forbrukarrådet). Sjekk seljar sin legitimasjon for å kontrollere at det er seljar som står som registrert eigar i vognkortet.

Godkjenne salgsmeldinga

Seljar er ansvarleg for å fylle ut og sende salsmeldinga (melding om eigarskifte). Du vil få ein SMS når du skal logge inn på Di side og godkjenne salsmeldinga. Når du har godkjent salsmeldinga er eigarskiftet fullført, og du vil få ei stadfesting til den digitale postkassa di.

Forsikring

Hugs å forsikre køyretøyet frå vedtaksdatoen. Vedtaksdatoen er den dagen salsmeldinga blir godkjend av alle partar (kjøpar og eventuelle medeigarar). Har du ikkje forsikring innan tre dagar frå og med vedtaksdatoen, vil du få gebyr for kvar dag køyretøyet er uforsikra.

Omregistreringsavgift

Du må omregistrere køyretøyet før du kan bruke det. Det er kjøpar som er ansvarleg for å betale omregistreringsavgifta, og det gjer du enkelt på Di side. Hugs at trafikkforsikringsavgifta (årsavgifta) blir inkludert i forsikringa.

Sjekk registreringsstatus på kjøretøyet

Det kan vere lurt å sjekke registreringsstatus på køyretøyet før du tar det i bruk. Køyretøyet kan vere mellombels avregistrert sjølv om skilta er på.

Har du kjøpt eit avregistrert køyretøy må du hugse å registrere køyretøyet før du tar det i bruk. Dette kan du gjere sjølv på Di side når køyretøyet har gyldig forsikring og alle andre vilkår for registrering er ok.

Så lenge køyretøyet er avregistrert, vil du ikkje få varsel om EU-kontroll. Dersom fristen for godkjend EU-kontroll går ut i perioden køyretøyet er avregistrert, må det ha godkjent EU-kontroll før du kan registrere det.

Tips til seljar

Her kan du sjå kva trinn du må gjennom for sal av eit køyretøy.

Kjøpskontrakt

Vi tilrår at de skriv ein kjøpskontrakt (Forbrukarrådet) før de byrjar på salsmeldinga.

Levere salsmelding

Du må alltid levere salsmelding når du skal selje eit køyretøy. De kan enkelt levere salsmeldinga digitalt, og vi tilrår at du og kjøpar gjer dette saman.

Det er du som seljar som fyller ut salsmeldinga og sender ho til kjøpar. Hugs å sjekke kjøpar sin legitimasjon før du sender salsmeldinga. Kjøpar logger seg så inn og godkjenner salsmeldinga.

Du vil få ein SMS når salsmeldinga er godkjent, og eigarskiftet er fullført.

Fjern personleg skilt

Har du personleg skilt, må du hugse å fjerne knytinga til det personlege bilskiltet før du sel køyretøyet ditt.

Fjern Autopass-brikka

Hugs å fjerne AutoPass-brikka frå bilen og bilen frå AutoPass-avtalen før du gir frå deg køyretøyet.

Fjern bilen frå parkeringsappar

Hugs å fjerne bilen frå alle parkeringsappane du har installert. Dette er viktig for å unngå å bli fakturert for parkering på parkeringsplassar med automatisk skiltlesing.

Forsikringa di vil bli avslutta automatisk dagen før vedtaksdato. Vedtaksdato er den dagen salsmeldinga blir godkjend av alle partar (kjøpar og eventuelle medeigarar). Du er ansvarleg for at køyretøyet er forsikra til og med dagen før vedtaksdato.

Vegvesenet sine tips til eit trygt og enkelt bilkjøp. Video: Statens vegvesen.