Konseptvalutgreiinga vurderer ulike konsept for betre framkomst og reduserte avstandskostnadar for gods- og persontransport på strekninga Lavik – Skei.

Samfunnsmålet for KVU-en var “Betre framkomst og reduserte avstandskostnader for gods og persontransport på strekninga Lavik – Skei, som ledd i eit effektivt nord-sør samband på Vestlandet.” 

Avklaring frå Samferdsledepartementet  

I brev datert 07.05.2009 bad Samferdsledepartementet om at vidare planlegging av E39 Lavik – Skei skulle ta utgangspunkt i ein kombinasjon av Konsept C Utbetring av eksisterande veg og Konsept D Utbetring av eksisterande veg, samt omlegging av traseen på aktuelle delstrekningar. 

Dette var i samsvar med Statens vegvesen si tilråding. KS1 hadde konkludert med 0-alternativet sidan investeringane ikkje var samfunnsøkonomisk lønsame. 

KVU-oppdraget    

Ynsket om å legge E39 utanom Førde sentrum utløyste eit krav om kvalitetssikring (KS1), og i brev datert 31.08.2007 stilte Samferdselsdepartementet krav om KS1 på strekninga Langeland – Moskog. Dette vart seinare endra til Lavik – Moskog. KVU for E39 Lavik – Skei vart Statens vegvesen sitt grunnlag for kvalitetssikringa. 

Tilråding  

Statens vegvesen tilrådde utbetring av eksisterande veg på delar av strekninga, samt omlegging av traseen på delar  av strekningane Lavik – Langeland, Langeland – Moskog og Moskog – Vassenden. Dette var ein kombinasjon av konsept C og D. 

Bakgrunn for tilrådinga 

Redusert reisetid og -kostnad var grunnlaget for Statens vegvesen si tilråding. Løysingane ville bidra til å knyte Vestlandet tettare saman og vere ledd i utviklinga av eit meir effektivt og miljøvenleg transportsystem. 

Kvalitetssikring (KS1) 

KS1 konkluderte med 0-alternativet sidan investeringane ikkje var samfunnsøkonomisk lønsamme. 0-alternativet inneber at det ikkje vert utført tiltak på dagens E39 eller på sidevegsystemet ut over dei prosjekta som er vedtatt bygde før 2010.

Rapportar og dokument

KVU