KVU E39 Kryssing av Bømlafjorden
Avklaring frå Samferdsledepartementet: Konseptvalutgreiinga vart ikkje sendt til KS1-vurdering, og heller ikkje lagd fram for regjeringa.
KVU-oppdraget
Dagens Bømlafjordtunnel har ein standard som er lågare enn dagens krav til nye tunnelar, særleg med omsyn til stigning. Bestillinga av oppdraget med konseptvalutgreiinga kom frå Samferdsledepartementet gjennom tildelingsbrev nr. 10 datert 5.juli 2021.
Tilråding
Statens vegvesen tilrådde konsept 3 med parallelt tunnelløp ved sidan av eksisterande Bømlafjordtunnel.
Bakgrunn for tilrådinga
Føremål var å utgreie konsept som kunne gje effektiv og trygg kryssing av Bjørnafjorden. Både bruløysingar og fleire tunnelalternativ vart vurderte. Konseptvalutgreiinga for E39 Kryssing av Bømlafjorden blei levert av Statens vegvesen i mars 2024.