E39 Kryssing av Sognefjorden (KVU)
Konseptvalutgreiinga (KVU) kartla ulike konseptuelle måtar å krysse Sognefjorden på ved Lavik-Oppedal.
Samfunnsmålet for utgreiinga er å redusere Sognefjorden som barriere, og det prosjektutløysande behovet er redusert reisetid og føreseieleg transport ved kryssing av Sognefjorden.
Avklaring frå Samferdsledepartementet
Regjeringa gjekk 02.06.2017 inn for framleis ferjedrift mellom Lavik og Oppedal over Sognefjorden. Ny KVU må gjennomførast før vidare formell planlegging.
Utgreiinga vart ikkje sendt vidare til KS1.
KVU-oppdraget
Samferdsledepartementet gav Statens vegvesen mandat for å konseptvalutgreie kryssing av Sognefjorden i brev 28.09.2015. Sognefjorden er ein av dei sju ferjestrekningane på E39 mellom Kristiansand og Trondheim, og det er eit langsiktig mål å gjere heile strekninga ferjefri.
Tilråding
Konseptvalutgreiinga for kryssing av Sognefjorden blei levert av Statens vegvesen hausten 2016 med tilråding om auka frekvens og nedkorta overfartstid på ferjesambandet. På lang sikt bør det etablerast fast samband for E39 over Sognefjorden, som det siste ferjesambandet på E39.
Bakgrunn for tilrådinga
Sognefjorden er ein av dei mest utfordrande fjordane å krysse då han er både djup og brei, og det er strenge krav til seglingshøgde. Det har vore gjennomført ein moglegheitsstudie i regi av utgreiingsprosjektet Ferjefri E39. Fast samband vil ikkje gi endringar i bu- og arbeidsområde.