KVUen gir ei brei fagleg vurdering av problemstillingar med utvikling av byområdet i Haugesund og for E134 frå Karmøy hamn/flyplass til Aksdal.

Samfunnsmålet for transportsystemet i Haugesund er todelt:  

  • Haugesund byområde skal ha eit transportsystem som gir god mobilitet for befolkninga og bygger opp om ei miljøvenleg byutvikling med gonge, sykling og kollektivtransport.  
  • E134 skal fungere som ei effektiv transportåre for nasjonal trafikk mellom Haugesund lufthamn Karmøy / Karmsund hamn Husøy og Våg. 

Avklaring frå Samferdsledepartementet  

Samferdsledepartementet la i brev til Statens vegvesen 02.07.2018 til grunn konsept 6 for vidare utvikling av transportsystemet i Haugsundsområdet.  

Vidare planlegging av statlege tiltak skulle basere seg på dette konseptet, medan tiltak i konsept 5 kunne vurderast seinare.  

Haugesundområdet © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

KVU-oppdraget 

Med utgangspunkt i Rogaland fylkeskommune sin regionalplan for areal- og transport for Haugalandet ønska Statens vegvesen saman med dei aktuelle kommunane å også utarbeide ein overordna plan for fysisk utbygging av transportløysingar i området. Samferdsledepartementet gav mandat for KVU Haugesund i brev datert 02.09.2014. 

Tilråding  

Statens vegvesen anbefalte konsept 5, hovudvegnett for gang- og sykkeltrafikk i byområdet Haugesund saman med restriktive tiltak for biltrafikken, og ny fire-felts E134 frå Helganeskrysset til Ørpetveit og vidare til E39 Aksdal /Våg. Ny Karmsund bru, utbygging av Karmsundgata, og ny veg til Husøy hamn var også ein del av konsept 5. 

Bakgrunn for tilrådinga  

Det prosjektutløysande behovet var å styrke Haugesund sentrum som attraktivt, tilgjengeleg og berekraftig regionsentrum.  I dette låg meir satsing på kollektive løysingar, sykkel og gange. Næringstransporten skulle ha god framkomst, særleg i aksane langs fv. 47 /E134, og alle trafikantgrupper skulle få betra framkomst over Karmsundet. 

Det vart utvikla konsept for to separate grupper, som vart vurdert separat: 

  • Karmøy frå Husøy hamn /Haugesund lufthamn samt byområdet Haugesund opp til Ørpetveit (konsept 0 og 1-5) 
  • Ørpetveit til Aksdal /Våg (Konsept 0 og ny fire-felts veg) 

Kvalitetssikring (KS1)  

KS1-konsulenten utarbeidde to eigne konsept: konsept 6 og 7. Konsept 6 var ein modifisert variant av Statens vegvesen sitt konsept 5, men utan ny E134 og fire-felts veg i Karmsundgata.  I konsept 7 var fire-felts veg i Karmsund gata med. KS1 konkluderte med konsept 6.

Rapportar og dokument

KVU