KVU E134 arm til Bergen
Konseptvalutgreiinga greier ut ulike alternativ for tilknyting av Bergensområdet til E134 ved Jøsendal.
Samfunnsmålet for utgreiinga var: Vegprosjektet «KVU E134 arm til Bergen» skal gje eit meir effektivt vegsamband mellom Bergensområdet og Austlandet via E134.
Avklaring frå Samferdsledepartementet
Samferdselsdepartementet legg i brev datert 09.09.2024 til grunn at vidare planlegging av E134 arm til Bergen skal ta utgangspunkt i konsept 1.
Departementet bad Statens vegvesen starte eit utgreiingsarbeid saman med Vestland fylkeskommune med sikte på å få på plass ein utviklingsstrategi med forslag til prioritering og finansiering av dei viktigaste prosjekta på strekninga. Nye Veier AS skal også involverast i dette arbeidet.
KVU-oppdraget
Sterke interesser har ønska ein arm til Bergen frå E134, og i tildelingsbrevet til Statens vegvesen for 2021 bad Samferdselsdepartementet om at det vart starta opp arbeid med ein KVU for arm til Bergen.
Tilråding
Statens vegvesen tilrådde (januar 2023) konsept 1. Fullt utbygd gjev det ei reisetid mellom Oslo og Bergen på mellom fire og ein halv til fem timar.
Bakgrunn for tilrådinga
Seks ulike løysingar for eit effektivt vegsamband mellom E134 og Bergen vart vurdert i KVU-en. Hovudmålet var redusert reisetid og -kostnader mellom Bergensområdet og det sentrale austlandsområdet, samt generelle samfunnsmål. Alle konsepta gav god nytte, men negativ netto nytte. Konsept 1 kunne utviklast stegvis, og dei første byggestega gav god netto nytte.
Kvalitetssikring (KS1)
KS1 anbefalte 0-alternativet sidan ingen av konsepta var samfunnsøkonomisk lønsame. KS1 meinte K1a og K1b, mindre omfattande variantar av K1, burde vore med som konsept. Statens vegvesen burde undersøkt skredfrekvensen betre.