Konseptvalutgreiinga tar for seg alternativ for framkomst- og trafikkproblem mellom Sotra og Bergen.

Avklaring frå Samferdsledepartementet: Samferdsledepartementet bad Vegdirektoratet i brev datert 17.08.2009 om at både alternativ F og J vart med i vidare planlegging for nytt Sotrasamband. 

Alternativ F var ny bru i eksisterande korridor. Alternativ J var KS1-konsulenten sitt forslag til konsept. I dette konseptet inngjekk dagens bru med to felt som del av framtidig firefelts løysing i eksisterande trase. 

Samfunnsmålet som ligg til grunn for KVU-en er: “Nytt Sotrasamband skal gje sikker veg og styrke Sotra/Øygarden si rolle for regionale og nasjonale næringsinteresser som ein integrert del av ein funksjonell Bergensregion.” 

KVU-oppdraget  

I samband med revisjon av NTP 2010-2019 vart det bestemt at Sotrasambandet var eitt av prosjekta som skulle gjennom ein KS1-prosess. Som grunnlag utarbeidde då Statens vegvesen KVU for Sotrasambandet.  

Tilråding  

Statens vegvesen vurderte og samanstilte dei to konsepta J og F i tilleggsnotatet (juni 2009).  Konklusjonen var tilråding av konsept F. 

Bakgrunn for tilrådinga 

Etter opninga av Sotrabrua i 1971 har det nærast vore ei eksplosiv folke- og næringsutvikling i kommunane som vart landfaste. Trafikkauken har vore så stor at Sotrabrua med sine to felt etter kvart gav store transport- og framkomstproblem for trafikk mellom Sotra og Bergen.  

Det prosjektutløysande behovet for Sotrasambandet var to-delt: 

  • Behov for betra transportkapasitet og framkomst mellom Sotra /Øygarden og Bergen 
  • Behov for betre trafikktryggleik og standard internt på Sotra 

Statens vegvesen utarbeidde fem konsept i tillegg til 0-alternativet. Både tunnel-, bru- og kollektivløysingar vart vurderte. Konklusjonen i KVU hausten 2008 var at eit nytt robust Sotrasamband må byggast for å kunne møte samfunnsmål og kartlagde behov. Statens vegvesen tilrådde at alle dei fem konsepta vart med i vidare planlegging. 

Kvalitetssikring (KS1) 

KS1 gjennomførte eigne analysar, og i rapporten frå januar 2009 konkluderte dei med at deira konsept (J), eller alternativ 0 burde leggast til grunn for vidare planlegging då desse var dei minst ulønsame konsepta.  

Med dette som utgangspunkt fekk Statens vegvesen i oppdrag frå Samferdsledepartementet i brev datert 24.04.2009 å gjennomføre tilleggsvuderingar av KS1-konsulenten sitt alternativ J.  

Rapportar og dokument

KVU