Transportsystemet i Bergen (KVU)
Konseptvalutgreiinga vurderer alternative strategiar for areal- og transportutvikling fram mot 2040. Kva retning bør vi velgje, og kva bør vi gjere først?
Samfunnsmåla for KVU-en var todelt, eit for kvar vi skal være i 2040 og eit på kort sikt.
- I 2040 skal Bergensregionen ha eit transportsystem og utbyggingsmønster som gir godt tilgjenge til viktige reisemål, og effektiv transport for brukarane.
- På kort sikt: Bergen skal ha ein bilandel og eit reisemønster som sikrar lovpålagte krav for luftkvalitet i sentrale delar av Bergen.
Avklaring frå Samferdsledepartementet
Samferdsledepartementet la i 04.04.2013 til grunn at utviklinga av transportsystemet i Bergensregionen ikkje skulle baserast på ein felles regionpakke.
Aktuelle prosjekt og tiltak skulle vurderast trinnvis, og samfunnsøkonomisk lønsemd skulle vektleggast ved prioritering av prosjekt.
KVU-oppdraget
Statens vegvesen fikk i brev frå Vegdirektoratet datert 29.01.2009 i oppdrag å sette i gang arbeidet med KVU for Regionpakke Bergen.
Tilråding
Statens vegvesen tilrådde å gå vidare med ein strategi med hovudelement for transportutvikling i Bergensområdet basert på konsept 3 og 4. Konkrete tiltak vart plassert i fase 1 og fase 2 i ein regionpakke. Forslaget innebar felles organisering og finansiering av regionpakken.
Bakgrunn for tilrådinga
Statens vegvesen leverte KVU-rapporten «Kjuagutt og stril – mindre bil» i mai 2011. Det prosjektutløysande behovet tok utgangspunkt i sterk vekst i reise-etterspørsel fram mot 2040. Det var behov for å sikre kontinuerleg godt tilgjenge og effektiv transport i Bergensområdet. På kort sikt var det behov for å styrke tilbodet og høve for framkomst for kollektiv og sykkel i hovudkorridorane inn mot sentrum. Det vart utgreidd fem konsept i tillegg til 0-alternativet. Både buss, bybane og nye veglenker vart vurdert.
Kvalitetssikring (KS1)
KS1 konkluderte med at det ikkje var praktisk grunnlag for ein langsiktig organisatorisk og finansielt forpliktande regionpakke på dette tidspunktet. Dei meinte tiltaka i stor grad kunne gjennomførast kvar for seg.