Statens vegvesen og Bane NOR inviterer private og offentlege aktørar til å melde interesse for inntil 10 mill. m3 overskotsstein frå fellesprosjektet E16 og Vossebanen Arna–Stanghelle.

Etatane ønskjer å gå i dialog med ein eller fleire aktørar i arbeidet med å finne mest mogleg samfunnsnyttig bruk av steinmassane. I første omgang vil det bli inngått intensjonsavtalar der partane er samde om å forhandle om ein endeleg avtale når plansituasjon og finansiering er avklara for begge partar. Eitt kvalifikasjonskrav i utlysinga er at interessent ynskjer å kjøpe/overta minimum 100.000 m3 tunnelstein.

Prosjektet ligg inne i Nasjonal transportplan 2018-29 med oppstart etter 2024. Før godkjent plangrunnlag og fullfinansiering er på plass kan ein i dag likevel ikkje seie eksakt når anlegget vert gjennomført og massane er tilgjengelege. Uttak av stein frå anlegget vil mest truleg pågå over ein periode på rundt fire-fem år.

Frist for innsending er sett til 01.09.2019

Interessemelding inkl. utfylt svarskjema sendast på e-post til olalof@vegvesen.no. E-post merkast «Interessemelding, Arna-Stanghelle»

Informasjon om masseavhendinga, døme på intensjonsavtale, informasjon om fjellkvalitet, og skjema for innsending av interessemelding kan lastast ned her: