Fellesprosjektet Arna–Stanghelle
Kvar?
Kva?
Prosjektet er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og Bane NOR, og omfattar bygging av E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle.
Kvifor?
Dagens veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle har låg standard, er utsett for skred og gir mange forseinkingar. Ny løysing skal sikre raskare, tryggare og meir påliteleg transport for både reisande og gods.
Kart
Framdrift
2018 Oppstart reguleringsplan
1. april 2022 vedtok regjeringa den statlege reguleringsplanen for E16 og Vossebanen på strekninga Arna – Stanghelle.
2025 Førebuande arbeid starta opp
2026 Bygging av anleggstunnelar, fjellsjaktar, riggområder og midlertidige kryss startar
2029 Bygging av veg- og jernbanetunneler startar
2039 Ny E16 og dobbeltspor på jernbane mellom Arna–Stanghelle opnar for trafikk
Aktuelt
-
Status for arbeida i Fellesprosjektet Arna–Stanghelle
— Fellesprosjektet førebur fleire arbeid langs E16. Her er ei kort oversikt over status no og planane framover.
-
Ledebil og manuell dirigering på E16 ved Stanghelle i uke 40.
— Arbeidet pågår på hverdager mellom kl. 09.00 og 14.00. I dette tidsrommet kan E16 bli kortvarig stengt i inntil 10 minutter.
-
Kontrakt signert for ny kontroll- og vektplass på Furnestreet
— Det lokale Vossa-firmaet Hirth Himle AS har fått kontrakten om å byggje ny kontroll- og vektplass på Furnestreet for Fellesprosjektet Arna–Stanghelle.
Fakta og nøkkeltal
- Lengde:
- 30 km veg og 30 km jernbane.
- Nasjonal transportplan:
- NTP 2025–2036
- Totalkostnad:
- 41 182 millionar i 2025-kroner
- Oppstart:
- Vår 2026
- Antatt opna:
- 2039
Meir om prosjektet
Ny E16 får fire felt frå Arna til Trengereid, og vidare to felt til Stanghelle. Talet på tunnelar blir kraftig redusert – frå 18 til tre lange tunnelar på rundt 9–10 kilometer. For avkøyring til Vaksdal og Trengereid blir det kryssløysingar inne i fjellet.
Den nye jernbanen får dobbeltspor med hastigheit opp mot 200 km/t. Her blir det bygd to lange tunnelar: Arnatunnelen på 19 kilometer og Vaksdalstunnelen på 8 kilometer. Det kjem òg nye stasjonar på Vaksdal og Stanghelle.
For tryggleiken blir det etablert eit felles rømningssystem, der tunnelane får tverrforbindelsar mellom veg og bane for sikker evakuering. Massane frå utbygginga blir deponerte i Sørfjorden via sjakter i fjellet, noko som reduserer støy, støv og transport på veg.