Fjordkryssing – Bjørnafjorden
Bru over Bjørnafjorden vil gje store samfunnsgevinstar både regionalt og nasjonalt. Med ei lengde på fem kilometer vil brua bli verdas lengste flytebru.
I dag må næringstransport og private trafikkantar nytte seg av ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg for å krysse Bjørnafjorden. Med bru over Bjørnafjorden vil næringstransport og trafikantar få ein meir effektiv reiseveg med vesentleg redusert reisetid.
Endeforankra flytebru frå Tysnes til Os
I den vedtekne kommunedelplanen blei det avgjort at ei bru over Bjørnafjorden skulle gå frå Reksteren på Tysnes til Gulholmane i Os. Dette var det mest kostnadseffektive alternativet (1,5 milliardar rimelegare enn andre alternativ). Bruløysinga som er vald for kryssinga er ei endeforankra flytebru. Fleire brukonsept vart vurderte, men endeforankra flytebru var den bruløysinga som gav best resultat med omsyn til kostnad og tryggleik.
Ei flytebru over Bjørnafjorden vil bli relativt lik Nordhordlandsbrua, og inneber blant anna:
- Forankring av brua i kvar ende med krumming mot aust, samt moglegheit for forankring mot fjordbotnen.
- Eit ca. 200 meter høgt brutårn i sør og ca. 100 meter mellom pongtongane brua kviler på.
- Seglingshøgde på minst 45 meter (lågbrudelen som strekkjer seg nordover er berre for fartøy lågare enn 11 meter).
Utvikling av ny bruteknologi er sentralt i arbeidet
Bjørnafjorden er krevjande å krysse då den er fem kilometer brei med ei djupne på opp mot 600 meter enkelte plassar. Utgreiingsarbeidet strekkjer seg tilbake til 2009, då Statens vegvesen konkluderte med at det er mogleg å krysse Bjørnafjorden med bru. Statens vegvesen har arbeida systematisk saman med fag- og forskingsmiljø for å utvikle brukonseptet og ny teknologi. I tillegg har det vore eit omfattande arbeid med målingar av bølgjetilstandar, straumforhold, temperaturvekslingar og vindeigenskapar. Kartleggingsarbeidet har også gjort undersøkingar og analysar av grunnforholda på fjordbotnen, fjellsidene under vatn, rasfare, og vurderingar av skipstrafikk.
-
Bilde 1 av 6: Sørlege del av Bjørnafjordbrua sett mot Rekstern på Tysnes. Her går vegen i skjering før vegen går i god avstand til bygda Gjøvåg. Vegen som svingar seg under brua er ein anleggsveg. Øvst i bildet på motsatt side av Langenuen ser vi Austevoll, med Storebø lengst til høgre i bildekanten. Illustrasjon: Dissing + Weitling / Statens vegvesen -
Bilde 2 av 6: Bjørnafjordbrua sett frå Rekstern mot Os og Bergen. Brua er 5,5 kilometer lang, og verdas lengste flytebru. Seglingshøgda er 45 meter her i sør. Hurtigbåten vil få eiga led på Bjørnafjordensida. Brua vert bygd med fire kjøyrefelt. Til venstre langs brua ser ein gang- og sykkelvegen som knyter Tysnes saman med Bergensområdet for mjuke trafikantar. Illustrasjon: Dissing + Weitling / Statens vegvesen -
Bilde 3 av 6: Bjørnafjordbrua sett fra sjøkanten nord på Rekstern. Vi ser Svarvhelleholmen der brutårnet er plassert. Til venstre for brutårnet er det seglingsled for skip opptil 45 meter. Turistskip vil gå som i dag via Langenuen. Illustrasjon: Dissing + Weitling / Statens vegvesen -
Bilde 4 av 6: Ei utbygging av E39 Ådland-Svegatjørn vil redusere reisetida med ein time. Frå dagens cirka 90 minutter til cirka 30 minutter ein gang i framtida. Prosjektet vil bidra til å redusere reisetida mellom Bergen og Stavanger frå dagens rundt fire timer til under to timer. Det opna for eit betre kollektivtilbud mellom fleire av vestlandsbyane Bergen, Stord, Haugesund og Stavanger. Illustrasjon: Dissing + Weitling / Statens vegvesen -
Bilde 5 av 6: Bildet viser ilandføringa yst på Røtinga i Bjørnafjorden kommune. På Røtinga vil vegen kun ha ei kort dagsone før den går inn i lang tunnel under Søre Øyane heilt fram til Svegatjørn ved Osøyro. Gang- og sykkelvegen er lagt i skogsområdet til venstre i bilde. Illustrasjonen viser korleis ein kan lage ei øy av massar frå tunnel. Reguleringsplanen viser også ei løysing uten denne øya. Illustrasjon: Dissing + Weitling / Statens vegvesen -
Bilde 6 av 6: Her ser vi Bjørnafjordbrua sett fra Røtinga i Bjørnafjorden kommune. Frå brua kjøyrer du inn i ein 7 km lang tunnel som kjem ut ved Svegatjørn, der ny fire felts veg til Bergen opna i 2022. Gang- og sykkelvegen som krysser brua fortsett til høgre i bildet fram til INKA-bygget og inn på Røtingavegen. Tilkomsten til det viktige friluftsområdet på Røtinga vil bli bedre. Grøne areal rundt vegen på bildet vil bli brukt til anleggsområde i byggeperioden, før det kan utviklast til friluftsområde når vegen har opna. Illustrasjon: Dissing + Weitling / Statens vegvesen