Oppgradering av E16 Lærdalstunnelen startar sommaren 2026.

Lærdalstunnelen på E16. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Tunnelen skal oppgraderast for å oppfylle krava til tunnelsikkerhetsforskriften (Lovdata)

Lærdalstunnelen er verdas lengste vegtunnel med ei lengde på 24509 meter. Tunnelen stod ferdig i 2000 og inngår i TEN-T vegnettet. Den gjennomsnittlege døgntrafikken for tunnelen er ca. 2100 kjøretøy, med ein tungtrafikkandel på 26 %. Tunnelen ligg i kommunane Aurland og Lærdal.

Arbeida i tunnelen omfattar mellom anna:

  • Bygging av nye tekniske bygg i tunnel – 28 stk. i alt
  • Sprenging og sikring av bergromma for desse bygga
  • Etablering av havarilommer ved alle tekniske bygg
  • Utviding av snunisjer i tunnelen
  • Naudskåp med telefon og brannslokkarar for kvar 250 meter
  • Kameraovervakning
  • DAB-radio med moglegheit for innsnakk
  • Nye bommar og skilt
  • Ny belysning og naudlys
  • Naudnett
  • Ny og forbetra ventilasjon i tunnelløpet
  • Nye avtrekksvifter for utlufting til Tynjadalen
  • Rensebasseng for vaskevatn og utskilling av giftig og brannfarleg væske

I Lærdal kommune er reguleringsplan for masselagring godkjend, og ein jobbar med reguleringsplan på Aurland-sida. Det er ei målsetting at massane skal kunne brukast og forvaltast av kommunane i åra framover.

Tunnelen er planlagt nattestengd medan arbeidet pågår, med gjennomkøyring med buss til gitte tider for å sikre transport av folk mellom dei to kommunane. Uttrykkingskøyretøy og legevakt får eigne ordningar for å sleppe igjennom.

På grunn av store spenningar i berget, vil arbeidet med tunnelen bli særleg krevjande.Når dei tyngste arbeida med sprenging og sikring er utførd, vil det vere mogleg å sleppe noko meir trafikk gjennom tunnelen sjølv om det pågår arbeid på natt.