Det innleiande arbeidet med statleg reguleringsplan for «alternativ F», sørleg kryssing av Langenuen mellom Jektevik og Hodnanes, er i gong. Med utbetra og ferjefri veg vil reisetida på strekninga gå frå 90 minutt til 30 minutt. Dagens riksvegferje mellom Sandvikvåg og Halhjem, samt fylkesferjene Jektevik–Hodnanes og Våge–Halhjem, vil bli erstatta av bru over Langenuen og Bjørnafjorden.

Vil du vite meir om alternativet som er valt og korleis det påverkar naturmangfald, nærmiljø, naturressursar etc.? Sjå meir i det interaktive kartet (ArcGIS)

 

Alternativ FAlternativ F

Planprosjektet er eitt av delprosjekta under E39 Stavanger–Bergen. Målet med strekninga er å redusere reisetida mellom Bergen og Stavanger frå 4 ½ time til ned mot 2 timar. Det vil gje større bu- og arbeidsregionar langs heile strekninga, slik at det blir ein kjeda arbeidsmarknad. Næringslivet kan lettare få tak i råvarer, innsatsfaktorar og arbeidskraft, og det blir tilsvarande enklare å eksportere varer.