Konseptvalutgreiinga legg vekt på å sjå heile transportsystemet i samanheng, og på dei overordna nasjonale transportbehova på strekninga.

E39 mellom Skei og Ålesund inngår i Kystriksvegen som strekk seg langs heile kysten frå Kristiansand til Trondheim. Basert på KVU-en blei det i 2020 godkjend kommunedelplan for strekninga E39 Byrkjelo-Grodås. Statens vegvesen har utarbeida forprosjekt for kryssing av Vartdalsfjorden og Sulafjorden på strekninga Volda – Ålesund. 

KVU-oppdraget 

Samferdselsdepartementet fastsette i brev av 22. april 2010 at Statens vegvesen skulle utarbeide konseptvalutgreiing for dei tre strekningane: 

  • E39 Skei – Moa (Ålesund) 
  • E39 Moa (Ålesund) – Bergsøya 
  • E39 Bergsøya – Betna (seinare utvida til Valsøya) 

I tillegg skulle vi utarbeide eit overbygningsdokument som ser dei tre konseptvalutgreiingane i samanheng. Rapportane var ferdige i oktober 2011. 

E39 Skei-Ålesund
Illustrasjon: Statens vegvesen

Tilråding 

Statens vegvesen tilrådde konsept SV-K10 med bru ved Svarstad som den langsiktige løysninga for Skei – Volda. I første omgang tilrådde vi betre ferjefrekvens på sambandet Anda – Lote, med vekt på 20 min i dagfrekvens. På strekninga Volda – Ålesund tilrådde vi i første omgang betre ferjefrekvens på sambandet Festøy – Solevåg, med vekt på 20 min i dagfrekvens. Statens vegvesen konkluderte ikkje på konsept, men tilrådde eit første byggesteg i form av konsept VÅ – K4, med bru/tunnel Ytre Ørstafjord.  

KS1-konsulenten tilrådde VÅ K1 Økt ferjefrekvens Storfjorden, SV K7 Hengebru Anda – Lote og til Ullaland og VÅ K5 Flytebru Storfjorden og bru Ørstafjorden.  

Samferdselsdepartementet la i 2014 til grunn at vidare planlegging av strekninga Volda – Ålesund skulle ta utgangspunkt i Hafast, med ombygging over Ulstein/Hareid/Sula (VÅ-K3). Det er behov for videre utgreiingar av bruløysingar for kryssing av Sulafjorden og Vartdalsfjorden.  Departementet vedtok seinare i 2014 at SV-K19 (indre trasé) skal leggjast til grunn for vidare planlegging på strekninga E39 Skei – Volda. 

Bakgrunn for tilråding 

SV-K10 med ombygging og innkorting i Stryn og bru ved Svarstad gir svært god innkorting i reisetid (60-65 min). Forholda for dagpendling Gloppen/Stryn/Hornindal vert gode. VÅ-K3 Ombygging over Ulstein/Hareid/Sula, og bru over Sulafjorden gir om lag 20 min innkorting på strekninga Volda – Ålesund. Tilhøva for dagpendling Ålesund/Hareid/Ulstein vert betre. 

Skei–Ålesund. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Rapporter og dokumenter