Konseptvalutgreiinga vurderte konsekvensar for blant anna miljø, gods- og persontrafikk, reiseliv, arbeidsmarknad og føreseieleg framkomst på veg og bane.

Samfunnsmålet for utgreiinga var: “Rv. 7 over Hardangervidda skal vere ein miljøvenleg og effektiv veg som styrker den regionale utviklinga.” 

Avklaring frå Samferdsledepartementet  

Det vart gjennomført KS1, men ikkje regjeringshandsaming. 

KS1 påpeika at investeringar på E16, rv. 52 og E134 ville påverke trafikkgrunnlaget og behovet for tiltak på rv. 7, Hardangervidda (jf. Aust-vest-utgreiinga). KS1 konkluderte difor med K0 og vidareføring av stengingsregimet i høve til villreinen.  

Kart over rv. 7 over Hardangervidda. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

KVU-oppdraget  

Samferdsledepartementet gav i brev datert 06.02.2014 i oppdrag å utarbeide konseptvalutgreiing for rv. 7 Hardangervidda.  

Tilråding  

Statens vegvesen anbefalte konsept K2, «Korte tunneler», som er konseptet med lågast investeringskostnad av konsepta med tilfredsstillande måloppnåing. 

Bakgrunn for tilrådinga  

Dei prosjektutløysande behova var å redusere avvisingseffektane for villrein på grunn av utforminga av, og trafikken på, vegen, og å betre vinterregulariteten.  

I tillegg til 0-alternativet vart fire konsept vurdert.  Konsept 2 innebar bygging av Dyranuttunnelen på ca. 6,25 km der overskotsmassar kunne nyttast til betring av vinterregulariteten på andre strekningar over vidda.   

KVU rv. 7 Hardangervidda vart gjennomført parallelt med Aust-Vest utgreiinga. Rapporten for Aust-Vest-utgreiinga («Utredning om forbindelser mellom Østlandet og Vestlandet») vart levert 21.januar 2015. 

Rapportar og dokument

KVU