Rv. 7 og rv. 52 Gol-Voss (KVU)
Målet for konseptvalgutgreiing (KVU) Gol–Voss var å greie ut om rv. 7 eller rv. 52 skal være ein av to hovudvegsamband mellom Aust- og Vestlandet.
Samfunnsmålet var at rv. 7 over Hardangervidda eller rv. 52 over Hemsedal skulle vere eit effektivt og samfunnsikkert hovudvegsamband mellom Austlandet og Vestlandet. Dei prosjektutløysande behova var redusert reisetid og transportkostnader for så vel nærings- som persontransport, og vinterregularitet på strekninga Gol-Voss.
Avklaring frå Samferdsledepartementet
I brev datert 22.02.2018 la Samferdsledepartementet opp til ei funksjonsdeling mellom rv. 52 og rv. 7 som hovudvegsamband mellom Austlandet og Vestlandet.
Rv. 52 blei hovudsamband for næringstrafikk, og rv. 7 skulle utviklast som hovudvegsamband for reiseliv og persontrafikk.
KVU-oppdraget
Samferdsledepartementet gav i brev datert 02.02.2016 Statens vegvesen i oppdrag å utgreie om rv. 7 eller rv. 52 skulle vere hovudvegsamband mellom Austlandet og Vestlandet. I det same brevet la departementet til grunn at E134 skulle vere det andre hovudsambandet.
Tilråding
Statens vegvesen anbefalte at det andre hovedvegsambandet mellom Aust- og Vestlandet skulle gå via rv. 52.
Bakgrunn for tilrådinga
I tillegg til nullkonseptet vart to konsept på rv.7 og to konsept på rv. 52 vurdert, med både lang og kort tunnel på begge riksvegane. Rv. 52 kom best ut, etter null-alternativet, i den samla samfunnsøkonomiske rangeringa. Geografisk vil rv. 52 vere eit betre supplement til E134 enn rv. 7.
Statens vegvesen anbefalte at det andre hovudvegsambandet mellom Aust- og Vestlandet skulle gå via rv. 52. Som første byggetrinn anbefalte vegvesenet strekninga Svenkerud-Gol-Rorbru i Hallingdal. Trafikken vil då gå utanom Gol sentrum, og stigningstilhøva vil bli betre. Ny veg utanom Hemsedal sentrum vart anbefalt som neste byggetrinn, før tunnel på høgfjellstrekninga.
Kvalitetssikring (KS1)
KS1 konkluderte med at rv. 52 bør prioriterast framfor rv. 7 i vidareutviklinga av vegnettet mellom Aust- og Vestlandet. Dei anbefalte utgreiing av E134 med arm til Bergen før vedtak om utbyggingsprosjekt på rv. 7 eller rv. 52.