Konseptvalutgreiing (KVU) for Sotrasambandet
Konseptvalutgreiinga tar for seg alternativ for framkomst- og trafikkproblem mellom Sotra og Bergen.
Avklaring frå Samferdsledepartementet: Samferdsledepartementet bad Vegdirektoratet i brev datert 17.08.2009 om at både alternativ F og J vart med i vidare planlegging for nytt Sotrasamband.
Alternativ F var ny bru i eksisterande korridor. Alternativ J var KS1-konsulenten sitt forslag til konsept. I dette konseptet inngjekk dagens bru med to felt som del av framtidig firefelts løysing i eksisterande trase.
Samfunnsmålet som ligg til grunn for KVU-en er: “Nytt Sotrasamband skal gje sikker veg og styrke Sotra/Øygarden si rolle for regionale og nasjonale næringsinteresser som ein integrert del av ein funksjonell Bergensregion.”
KVU-oppdraget
I samband med revisjon av NTP 2010-2019 vart det bestemt at Sotrasambandet var eitt av prosjekta som skulle gjennom ein KS1-prosess. Som grunnlag utarbeidde då Statens vegvesen KVU for Sotrasambandet.
Tilråding
Statens vegvesen vurderte og samanstilte dei to konsepta J og F i tilleggsnotatet (juni 2009). Konklusjonen var tilråding av konsept F.
Bakgrunn for tilrådinga
Etter opninga av Sotrabrua i 1971 har det nærast vore ei eksplosiv folke- og næringsutvikling i kommunane som vart landfaste. Trafikkauken har vore så stor at Sotrabrua med sine to felt etter kvart gav store transport- og framkomstproblem for trafikk mellom Sotra og Bergen.
Det prosjektutløysande behovet for Sotrasambandet var to-delt:
- Behov for betra transportkapasitet og framkomst mellom Sotra /Øygarden og Bergen
- Behov for betre trafikktryggleik og standard internt på Sotra
Statens vegvesen utarbeidde fem konsept i tillegg til 0-alternativet. Både tunnel-, bru- og kollektivløysingar vart vurderte. Konklusjonen i KVU hausten 2008 var at eit nytt robust Sotrasamband må byggast for å kunne møte samfunnsmål og kartlagde behov. Statens vegvesen tilrådde at alle dei fem konsepta vart med i vidare planlegging.
Kvalitetssikring (KS1)
KS1 gjennomførte eigne analysar, og i rapporten frå januar 2009 konkluderte dei med at deira konsept (J), eller alternativ 0 burde leggast til grunn for vidare planlegging då desse var dei minst ulønsame konsepta.
Med dette som utgangspunkt fekk Statens vegvesen i oppdrag frå Samferdsledepartementet i brev datert 24.04.2009 å gjennomføre tilleggsvuderingar av KS1-konsulenten sitt alternativ J.