På Vestlandet har me bygd vegtunnelar i over hundre år, sidan slutten av 1800-talet. Auka kunnskap og erfaring, større trafikk, og utvikling av ny teknologi har ført til at tunnelar blir bygde og utrusta svært annleis no enn før i tida. Mange av dei eldre tunnelane treng difor ein grundig gjennomgang for å komma opp på same nivå som nye tunnelar.

Tunneltryggleiksforskriftene skildrar minimumskrava for utrusting i tunnelar i Noreg. Forskrifta gjeld tunnelar med ei lengd over 500 meter på Europavegar og riksvegar. 

For alltid oppdatert informasjon om tunnelarbeid og anna vegarbeid i området der du ferdast, sjå:  175.no - VEGMELDINGAR PÅ NETT