Konseptvalutgreiinga er ei brei fagleg vurdering av interesser knytt til transportsystemet mellom Aksdal og Bergen.

Samfunnsmålet som g til grunn for utgreiinga var: “Haugalandet og Sunnhordland skal i 2040 vere tidsmessig knytt nærare saman med Midthordland. Stavanger‐ og Bergensområdet skal i 2040 vere tidsmessig knytt nærare saman.” 

Avklaring frå Samferdsledepartementet

KVU-en for E39 Aksdal – Bergen vart lagd fram i juni 2011, og arbeidet vart avslutta med tilleggsutgreiing i februar 2013. 

I brev datert 20.12.2013 bad Samferdsledepartementet Vegdirektoratet legge til rette for statleg  planlegging på nivå med kommunedelplan for strekninga Stord – Os med bru over Bjørnafjorden mellom Tysnes og Os.

Kart over området KVU-en gjeld for. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

KVU-oppdraget

Det prosjektutløysande behovet i denne konseptvalutgreiinga var redusert reisetid for å utvikle landsdelen og knyte Stavanger- og Bergensområdet betre saman. Ferjefrie løysingar vart vurderte i tillegg til innkorta ferjestrekning med betra frekvens.

Tilråding

Statens vegvesen tilrådde å gjennomføre ei tilleggsutgreiing for å vurdere om det teknisk og økonomisk var mogleg å bygge ferje mellom Tysnes og Os. I tilleggsutgreiinga vart ulike bruløysingar vurdert, og kostnader og nytte vart samanlikna med det indre alternativet via Fusa. Konklusjonen var at det var teknisk mogleg å krysse Bjørnafjorden med bru. Dette viste seg som ei betre løysing enn veg via Fusa, både med omsyn til samfunnsøkonomi og regionale verknader. Statens vegvesen tilrådde då å gå vidare med planlegging av midtre linje, med bru over Bjørnafjorden, mellom Stord og Os.

Kvalitetssikring (KS1)

Det vart gjennomført KS1 av den første leveransen, og dei konkluderte med ferjefri løysing med bru mellom Tysnes og Os. 

Kartillustrasjon E39 Aksdal-Bergen
Kartillustrasjon E39 Aksdal-Bergen Illustrasjon: Statens vegvesen

Rapportar og dokument

 

KVU