Rv. 658 Ålesund–Vigra (KVU)
Føremålet er å utgreie konsept for ei påliteleg, trafikksikker og trygg forbinding mellom Giske kommune, Ålesund lufthamn, Vigra og Ålesund byområde.
Ei konseptvalutgreiing (KVU) for rv. 658 Ålesund–Vigra skal vurdere korleis sikkerheita og framkomsten kan varetakast med stadig aukande trafikk.
Ålesund-regionen har no den klart største konsentrasjonen av kapital, næringsliv og busette mellom Trondheim og Bergen, og den klart største veksten. Ålesund lufthamn, Vigra, er den største lufthamna mellom Trondheim og Bergen, med godt over ein million passasjerar årleg.
På strekninga rv. 658 Ålesund-Vigra ligg Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen, som vart opna i 1987, og er blant dei eldste undersjøiske tunnelane vi har i landet. Økt trafikk i desse tunnelane vil gje større sannsynlegheit for hendingar og behov for å stengje tunnelane i kortare eller lengre tid. Det finnst ingen omkøyringsmoglegheit for Valderøytunnelen til Giske kommune og Vigra lufthamn.
Utfordringsnotat for KVU rv. 658 Ålesund–Vigra blei oversendt Samferdselsdepartementet i juni 2021.
I mars 2024 vart rapporten overlevert til Samferdselsdepartementet. Der kjem Statens vegvesen med ei todelt tilråding med ei vesentleg oppskalering av dagens busstilbod (K1), etablering av ei passasjerferje mellom Valderøya og Ålesund (K2) og ei oppgradering av dagens tunnellar og kryss (K3).
Dersom desse tiltaka ikkje gjev ein god nok effekt på i høve prosjektutløysande behov som er brannsikkerheit og tunneltryggleik, er tilråinga på sikt bygging av nye, parallelle tunnelløp.
Statens vegvesen sende KVU-en ut på høyring 22.03.2024. Samtidig skal det gjennomførast ei kvalitetssikring (KS1) før regjeringa tar ei avgjerd om kva konsept som skal liggje til grunn for vidare planlegging.
Denne kvalitetssikringa er no ferdig, og kan lastas ned her:
Dokumenter
Tunnelane er sikre for trafikantane i dag. Statens vegvesen er i ferd med å sluttføre tiltak som sikrar at rv. 658 Ellingsøytunnelen og rv. 658 Valderøytunnelen oppfyller krava i tunnelsikkerheitsforskrifta.
Sikkerheit og framkomst med auka trafikk
Ålesundtunnelane, Ellingsøytunnelen (ÅDT 10 100) og Valderøytunnelen (ÅDT 8 300) på rv. 658, har høgare trafikk enn dei fleste andre undersjøiske tunnelar i Norge, inkludert rv. 23 Oslofjordforbindelsen (ÅDT 7 400).
Ellingsøytunnelen er 3 520 meter lang og når 144 meter under havet. Største stigning er 8,5 %. Tunnelen har eit halvt kryss i fjell.
Valderøytunnelen er 4 222 meter lang og når 137 meter under havet. Største stigning er 8,5 %.
Oslofjordtunnelen er 7 306 meter lang. Det djupaste punktet i tunnelen er 134 meter under havet og største stigning er 7 %.
Oslofjordtunnelen har større breidde og betre kurvatur enn Ålesundtunnelane.
Tunge køyretøy utgjer eit problem for Oslofjordtunnelen. Den har tre gonger så mange køyretøy over 12,5 meter som Ellingsøytunnelen. Køyretøya i Ålesundtunnelane må derimot køyre opp og ned av to tunnelar som er langt brattare.
Konseptvalutgreiinga vil sjå på fleire ulike konsept for å løyse utfordringane.
I KVU-arbeidet blir det brukt ein firetrinnsmodell for å utvikle konsept:
- Revurdere: Kan ein setje i verk tiltak som reduserer transportbehovet, eller kan andre transportformer utnyttast betre?
- Optimere: Kan den eksisterande infrastrukturen optimaliserast og gi meir effektiv utnytting?
- Byggje om: Kan ein byggje om eksisterande infrastruktur, til dømes utvide eksistande vegar?
- Byggje nytt: Dersom dei tre første trinna ikkje løyser det definerte behovet, står ein att med nyinvesteringar og større ombygging av infrastruktur.
Statens vegvesen reknar med at konseptvalutgreiinga kan vere klar i ved årsskiftet 2022/23. Dette er blant anna avhengig av kva utgreiingar som må gjerast.