E39 Kyststamvegen - Boknafjordkryssinga (KVU)
I mai 2005 bad Samferdsledepartementet om at kommunedelplan med konsekvensutgreiing for Rogfast, undersjøiske tunnel under Boknafjorden, vart sluttført.
KVU-oppdraget
E39 Kyststamvegen – Boknafjordkryssinga var eitt av to pilotprosjekt som regjeringa gav Statens vegvesen for å prøve ut opplegget med Konsekvensutgreiing (KVU) og kvalitetssikring i tidleg planfase (KS1).
Tilråding
Statens vegvesen tilrådde å gå vidare med planlegginga av Rogfast-prosjektet i samsvar med vedteke planprogram.
KS1-konsulenten anbefalte vidareføring av dagens ferjeordning då det gav best samfunnsøkonomisk lønsemd etter deira berekningar. Alternativt kunne Rogfast vurderast på eit seinare tidspunkt med ein ny KVU og tilhøyrande KS1-prosess.
Bakgrunn for tilrådinga
Redusert reisetid, reduserte reisekostnader og føreseieleg framkomst var dei viktigaste behova for utviklinga av Boknafjordkryssinga. Frå Stavanger til Bergen er det 176 km med to ferjestrekninar på til saman 30 km i tillegg. Med å erstatte ferjestrekninga Mortavika-Arsvågen med undersjøisk tunnel under Boknafjorden blir reisetida redusert med 38 minutt. Med utbetring av vegnettet og fast samband blir reisetida mellom Stavanger og Haugesund ca. ein time, og dei to byane kan med det inngå i ein felles bu- og arbeidsmarknad.