Med klasse B kan du blant anna køyre ein personbil med eller utan tilhengjar.

Du må vere minst 18 år for å ta førarkort for klasse B.

Informasjon om eit køyretøy eller ein tilhengjar, for eksempel tillaten totalvekt, står i vognkortet.

Personbil

Du kan køyre ein personbil som har ei tillaten totalvekt på maks 3 500 kg. Han kan maks vere godkjend for 8 passasjerar i tillegg til førar.

Personbil, med alternativt drivstoff, som har ei tillaten totalvekt over 3 500 kg

Dersom du har eit gyldig EØS-førarkort for klasse B utferda for minst to år siden, kan du køyre motorvogn registrert i gruppe N 2 (lastebil). Du finn informasjon om kva motorvogngruppe køyretøyet høyrer til, ved å sjå under pkt. 5 «klassifisering» i vognkortet til køyretøyet.

Unntaket omfattar motorvogn som har ei tillaten totalvekt over 3 500 kg, men ikkje over 4 250 kg.

Vekta som overstig 3 500 kg, skal

  • berre skrive seg frå den ekstra vekta som følgjer av framdriftssystemet, samanlikna med framdriftssystemet i ei motorvogn av same dimensjonar, men som er utstyrt med forbrenningsmotor,
  • ikkje skrive seg frå at lastekapasiteten har auka

Merk at tilhengjar kan ikkje nyttast når du køyrer ei motorvogn som fell inn under dette unntaket.

Det er også krav til at 

  • køyretøyet er registrert i Noreg eller ein annan EØS-stat
  • vilkåra er dokumenterte med merknad i vognkortet
  • dokumentasjonen på vilkåra knytte til motorvogna ligg føre på norsk, svensk, dansk eller engelsk, og at dokumentasjonen blir tatt med i bilen under køyring

Sjå også:

Personbil med tilhengjar

Du kan trekkje tilhengjar etter ein personbil når den tillatne totalvekta til tilhengjaren er maks 750 kg.

Du kan trekkje ein tyngre tilhengjar dersom den tillatne totalvekta for bilen og tilhengjaren til saman er maks 3 500 kg.

Vekta av tilhengaren må vere innanfor det bilen har lov å trekkje. Om du er usikker på om du kan trekkje ein bestemt tilhengar med bilen din, kan du enkelt sjekke det i tilhengjarkalkulatoren vår. 

Med kode 96 - høgare samla tillaten totalvekt for personbil med tilhengjar

Har du kode 96 på førarkortet ditt, kan den tillatne totalvekta for bilen og tilhengjaren til saman vere maks 4 250 kg.

Vil du trekkje ein tyngre tilhengjar (inntil 3 500 kg) enn det er mogleg med klasse B eller klasse B med kode 96, må du ta klasse BE.

Moped

Du kan køyre alle typar moped med to, tre eller fire hjul.

På førarkortet er dette markert som klasse AM.

Motorsykkel med fire hjul

Du kan køyre motorsykkel med fire hjul.

I Noreg kan du trekkje ein tilhengjar på inntil 750 kg dersom

  • motorsykkelen har eit slagvolum over 125 cm3
  • det står i vognkortet til motorsykkelen at han kan trekkje ein tilhengjar

Snøscooter

Med klasse B tatt før 1. juli 2006

Du kan køyre snøscooter med eller utan tilhengjarslede. 

På førarkortet er dette markert som klasse S.

Førarrett for snøscooter gjeld berre i Noreg og Sverige.

ATV

Du kan køyre ATV som er registrert som motorsykkel med fire hjul. Då gjeld dei same reglane som for motorsykkel med fire hjul.

Motorsykkel med tre hjul

Med klasse B tatt før 19. januar 2013

Du kan køyre motorsykkel med tre hjul.

Traktor

Du kan køyre traktor med ei tillaten totalvekt på maks 3 500 kg. 

Dersom du trekkjer ein tilhengjar, må traktoren maks kunne køyre 40 km/t.

Førarrett for traktor gjeld berre i Noreg.

Med klasse B eller T tatt før 1. januar 2005

Du kan køyre traktor med eller utan tilhengjar. Det er inga avgrensing på vekt eller kor fort han kan gå.

På førarkortet er dette markert som kode T 142.

Motorreiskap

Du kan køyre motorreiskap med ei tillaten totalvekt på maks 3 500 kg. Ein motorreiskap (Lovdata) kan for eksempel vere ein gaffeltruck eller ein hjullastar.

Dersom du trekkjer ein tilhengjar, må motorreiskapen maks kunne køyre 40 km/t.

Førarrett for motorreiskap gjeld berre i Noreg.

Med klasse B tatt før 1. januar 2005

Du kan køyre motorreiskap med ei tillaten totalvekt på inntil 7 500 kg.

Du kan køyre motorreiskap med ei tillaten totalvekt over 7 500 kg dersom han maks kan køyre 50 km/t.

På førarkortet er dette markert som kode 152.

Beltebil med eller utan tilhengjarslede

Du kan køyre beltebil med eller utan tilhengjarslede.

Vil du ta førarkort for klasse B?

Vil du ta førarkort for andre klassar?

Sist oppdatert: